Etter eit historisk svakt valresultat med 5,5 prosent av stemmene, og ei pil som har heldt fram å peike nedover, kom det nok ikkje overraskande på mange: Dagfinn Høybråten går av som partileiar i Kristeleg Folkeparti. Høybråten har møtt kritikk blant fleire i partiet for sin leiarstil, kanskje i aller størst grad nestleiar Inger Lise Hansen. Som ein slags politikkens «Frøken Bibelstripp» har ho stått for meiningar som ikkje har blitt godt motteke blant dei konservative kristne i partiet. Hansen sitt forsøk på å liberalisere partiet i ei meir inkluderande retning – gjennom å mellom anna fremme forslaget om å fjerne vedkjenningsparagrafen, og, ikkje minst, den uforbehaldne støtta til Israel – har ført til ein isfront mellom ho og Høybråten, der sistnemnde tviheld på dei kristne grunnverdiane som det viktigaste fundamentet i KrF sin politikk.
Hansen skal ha ros for at ho har forsøkt å få i gang ein debatt rundt kjerneverdiar i KrF. Men spørsmålet melder seg også: Utan den kristne forankringa og vedkjenningspragrafen – kva er det då eigentleg igjen av KrF som parti? Om dei konservative kristne ikkje kan stille seg bak politikken, er det i det heile tatt rett å snakke om eit kristeleg folkeparti? Treng vi eit politisk parti som har namnet kristent i seg? Faktum er nemleg at mange av grunnverdiane deira blir like godt ivareteke i andre parti, og som eit sentrumsparti hamnar dei ofte i ingenmannsland, noko meiningsmålingane har vist.
Mange av grunnverdiane til KrF blir like godt ivareteke i andre parti
Den kristne (protestantiske) etikken har historisk sett vore svært viktig i utforminga av det moderne vestlege samfunn, gjennom verdiar som måtehald, nøysemd og hardt arbeid. Og KrF har tradisjonelt vore eit parti i forlenginga av slike verdiar, med veljarar som stiller seg bak dette. Majoriteten av dei som stemmer KrF finn ein hovudsakleg langs sør- og vestlandskysten, det såkalla bibelbeltet, og nettopp denne geografiske lokaliseringa syner litt av problemet til partiet: Urbane folk distanserer seg frå partiet.
Men der religion ein gong var det solidariske limet i samfunnet, har sekulariseringsprosessen, som mange meiner er ein aukande tendens idag, ført med seg ein annan type solidaritet: den av mangfald, det vere seg religion, etnisitet eller kultur. Som eit tradisjonelt forankra parti har KrF med inntoget av modernitet kome til eit vegskilje: Kva retning skal parti ta? Med Høybråten som partileiar har den konservative vegen blitt valt, med det som utgangspunkt at hovudvekta av veljarane er praktiserande kristne med eit internalisert kristent grunnsyn.
I tida framover – gitt dei dårlege målingane – bør derfor ein større debatt enn partileiarspørsmålet kome på dagsorden. Nemleg korleis morgondagens KrF skal sjå ut.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.