Det kan henda det berre var meg, men opptil fleire gonger denne valkampen gløymte eg at det var val til fylkestinget, og ikkje berre til kommunestyret. Kanskje var det difor mannen bak skranken der eg førehandsstemte fann det naudsynt å presisera at eg skulle ta både ein kvit og ein blå stemmesetel i konvolutten. «Ja, viss du vil då», føydde han til. Sjølvsagt ville eg det, men akkurat som for fire år sidan var det mykje vanskelegare å velja den blå lappen enn den kvite. Og som for fire år sidan, sto eg igjen med ei lita kjensle av å ha gambla etter at stemmesetlane låg i valurna og det ikkje var nokon veg tilbake.
Med stemmerett følgjer eit ansvar for å skaffa seg informasjon om kva politikk partia fører, og partiprogramma finst lett tilgjengeleg på nettet. Men ligg verkeleg heile ansvaret hos veljaren når det kjem til fylkespolitikk? I både kommune- og rikspolitikken slåst politikarane om merksemd. Dei fortel villig vekk om politikken dei vil føra, og om kvifor ein bør stemma på dei. Dei driv valkamp. Men fylkespolitikarane har glimra med sitt fråvær. Eit søk i A-tekst på ordet «fylkespolitiker» får 86 treff frå dei siste 30 dagane. Då er både papir- og nettaviser medrekna. I avisene har det handla om eldreomsorg og barnehageplassar, og det er Monica Mæland og ikkje Torhild Selsvold Nyborg som har fått dei store oppslaga i BT. Ein kan skulda på media for å ha gløymt fylkeskommunen, men når til og med partiheftene som dumpar ned i postkassen har forvist fylkespolitikarane til baksida, må politikarane sjølv ta sin del av skulda.
Følgjene av den usynlege valkampen vert forverra av at fylkeskommunen ikkje er eit styringsorgan det er allmenn semje om at me bør behalda. Fleire har føreslått å leggja den ned. Per i dag har fylkeskommunane òg eit relativt tynt og spreidd ansvarsområde som omfattar tannhelse, vidaregåande skular, kollektivtransport og fylkesvegar. Samansetjinga av oppgåver kan for mange verka tilfeldig, og dei færraste har eit nært forhold til fylkeskommunen som styringseining. Ein valkamp der fylkespolitikarane var tydelege og fekk fram viktigheita av oppgåvene dei gjer, kunne retta mykje på inntrykket. Når dei no i staden forsvinn frå valkampen, kan oppfatninga om at dei er uviktige verta forsterka. Faktisk kan det verka som om fylkespolitikarane sjølv ser på seg som uviktige.
Eg stemte ved både kommunestyre- og fylkestingsvalet trass tvilen min. Eg er ikkje sikker på at alle andre gjorde det. Difor vert det eit demokratisk problem at fylket er så usynleg, og slik bør det ikkje halda fram. Anten må den gjera seg viktig, elles kan fylkeskommunen like gjerne leggjast ned.
Gerd Margete Tjeldflåt er nyhenderedaktør i Studvest.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.