Mest aktive brukere »

Synspunkt.

Pass på, storebror ser deg

Vi blir stadig meir overvaka i samfunnet. No også av framande makter.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 17.11.10 kl. 01.23

Det har den siste tida kome fram at USA har drive med noko som kan vere ulovleg overvaking her i Noreg. Dette ser ut til å ha føregått utan at verken regjeringa eller Politiets sikkerhetstjeneste har visst om det. Det er heller ikkje berre i Noreg at USA har drive med denne typen aktivitet, også i Danmark og Sverige har det vore overvakingsgrupper tilknytt ambassadane. Dette er eit gufs frå den kalde krigen då overvaking av «mistenkelege» grupper i samfunnet var sett på som legitimt.

Krigen mot terror etter 11. september 2001 har vore eit påskot for amerikanarane til å ta seg til rette internasjonalt på måtar som ikkje er akseptable. Å overvake innbyggjarar i andre land utan at myndigheitene veit om det, er eit alvorleg brot på eit land sin suverenitet, og ein skulle tru dette var noko statar såg på som uakseptabelt. Likevel har ikkje reaksjonane frå norske myndigheiter vore så krasse som ein skulle tru. Er dette eit problem for demokratiet i Noreg?

Innbyggjarane i eit moderne demokrati skal ikkje gå rundt og lure på om nokon føl kritisk med på kva dei gjer og meiner

I eit demokrati skal borgarane vere frie og ikkje kontrollerte av staten. Dette inneber også at dei heller ikkje skal vere under oppsyn av andre statar. Under den kalde krigen var det trusselen frå Sovjetunionen og kommunismen som var grunngjevinga for at overvaking skulle vere legitimt. I dag er det krigen mot terror som skal kunne legitimere alle ekstraordinære tiltak i vestlege land, sjølv om konseptet i seg sjølv er så vagt at ein då eigentleg kan overvake kven som helst. Innbyggjarane i eit moderne demokrati skal ikkje gå rundt og lure på om nokon føljer kritisk med på kva dei gjer og meiner.

Sjølv om avsløringane om amerikansk overvaking på norsk jord er sjokkerande, er dei også berre ein del av ein trend i samfunnet dei siste åra. Ein finn overvakingskamera over alt dersom ein beveger seg rundt i ein by, og alle våre elektroniske spor blir lagra. I Storbritannia har det også vore snakka om å innføre elektroniske identifikasjonskort som innbyggjarane må bære til ei kvar tid. Dette har heldigvis ikkje vore ein diskusjon i Noreg.

Likevel ser det ut til at staten tek seg større og større fridom i å kontrollere borgarane. Det er derfor bra at ein får avsløringar som dette i media som kan sette fokus på eit mogleg demokratisk problem. No bør regjeringa gjere greie for kva som faktisk har gått føre seg.

Fakta
  • Vilde Grimelid Oppedal er nyhendejournalist i Studvest.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.