Forfedrane våre jakta på dyr i århundre, for å ete kjøttet og for å bruke pelsen til å halde varmen når kulda kom. Nokre ting har forandra seg sidan den gang, men ikkje alt. I Noreg har me blant anna jobba hardt for å få likestilling mellom kjønna, det same kan me diverre ikkje seie for dyra. For nokre dyr er mindre verdt enn andre. Særleg dei som smakar godt.
Over 250 000 menneske på Facebook «likar» organisasjonen «Forby pels nå», som er ei undergruppe til Dyrevernalliansen. Men Dyrevernalliansen er ikkje for alle dyr nemleg, berre dei søte, små med god pels. Me argumenterer for at pelsdyrnæringa er forferdeleg, og at uskyldige pelsdyr blir slakta for at menneske skal få dekka sitt luksusbehov. For pels er blitt ei luksusvare som me ikkje lengre treng. Me har utvikla andre stoff som kan halde oss varme når vinteren bit som hardast. Det finst derimot lite som kan erstatte eit saftig, lite lammelår. Det synest i alle fall dei på Facebook.
Samtidig som me grin over revens tapte liv, kan me lese om at Nortura, gjennom Gilde, leverte cirka 840 tonn pinnekjøtt til norske daglegvarebutikkar i fjor. Sjølv om dette er ganske mange lam, er det ikkje nok i år. Me treng meir. Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund (KLF) har varsla at det vil mangle rundt 200 000 pinnekjøttmiddagar til jul. Skrekken har vore så stor at pinnekjøttet var oppe som tema på Stortinget. Heldigvis kan Torgeir Trældal (Frp) melde at alle skal få. Gudskjelov. Importen er i gang, og cirka 20 000 nye lam ligg tvangsfora og slakteferdige i fabrikken, slik at nordmenn får dekka feittbehovet sitt på julaftan.
Mange av argumenta som er retta mot pelsdyrnæringa er at levekåra for dyra er uuthaldelege. Aktivistane viser oss videoar av dyr som er hardt skadd og mishandla, medan oppdrivarane fortel at dette er dyr som ventar på behandling av veterinærar, akkurat fordi dei er sjuke. Lam får i vert fall beite fritt før dei blir slakta. Ikkje misforstå, men når alt kjem til alt endar likevel begge opp som produkt, enten i frysedisken, eller på klesstativet.
Eg veit dette er å sette ting på spissen, men kven er me til å bestemme kven som har høgast verdi? Kvifor er me så villige til å beskytte reven, minken og dei andre små pelsdyra, medan me synest det er greitt å slakte eit lam, eit lite dyr som enda ikkje har fått vokse opp til å bli ein sau. Det er jo eit paradoks. Kanskje bør ein tenke over kva ein sjølv gjer for å beskytte alle dyr, og ikkje berre nokre få, før ein rettar fingeren mot andre. Dersom du et pinnekjøttet ditt med god samvit på julaftan, burde du kanskje ikkje grine så høgt over den stakkar reven som vernar ei gammal dame mot vinterkulda. For kven er du til å bestemme kven sitt liv som er mest verdt? Lammet eller reven?
Anette Hjelle Volden er kulturjournalist i Studvest.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.