– Dette kom som eit sjokk. Vi blir urettferdig behandla, seier masterstudent Grant McDermott ved Norges Handelshøyskole (NHH).
Sørafrikanaren er ein av fire kvotestudentar ved NHH. Saman med andre masterstudentar er han i full gang med å søkje på utveksling til hausten, men håpet heng i ein tynn tråd.
Senter for Internasjonal Utdanning (SiU) administrerer utdanninga for kvotestudentar. Dei ser behovet for ein meir restriktiv praksis.
– Dei utanlandske studentane skal ta grad i Noreg og gjere seg kjende med det norske systemet og institusjonane. Difor er det vedtatt at kvotestudentar ikkje kan søke om støtte til utveksling, seier informasjonsleiar Hanne Alver Krum i SiU.
KJENNER SEG LURT
Grant McDermott fryktar han må gi opp draumen om utveksling i Portugal.
– Slike restriksjonar strir mot føremålet med kvoteordninga, hevdar han, og utdjupar:
– Heile ideen med ordninga er at folk frå ikkje-OECD-land skal ta med seg internasjonal erfaring til heimlandet. Derfor ser vi ikkje logikken i å nekte oss støtte til utveksling, seier han.
Ein viktig grunn til at studenten søkte seg til NHH var at skulen tilbyr eit av dei mest prestisjetunge masterprogramma. Her er utveksling ein føresetnad for å fullføre.
– Viss vi ikkje har pengar til å reise på utveksling, må vi bli verande i Noreg. Eg fekk stipend til andre skular, så hadde eg visst at vi uansett ikkje får støtta kunne eg like gjerne gått på ein annan skule, seier ein frustrert McDermott.
– Uansett om vi vel utveksling eller ikkje er vi underlagt dei same restriksjonane om tilbakebetaling av lån til Lånekassen. Det er ingen som tener på at utvekslingsstipendet forsvinn, argumenterer kvotestudenten.
KJEMPAR SAMAN
I ryggen har han leiar Gudbrand Johannes Qvale i Norsk Handelshøyskoles Studentforening (NHHS) og International Student Union, samt administrasjonen på NHH. Studentleiaren meiner det først og fremst er ein kamp om prinsipp.
– Over 50 prosent av masterstudentane på NHH reiser på utveksling. Det skal vere likskap. Slik situasjonen er i dag blir minoriteten fråteke majoriteten sine rettar.
Avdelingsdirektør John Andersen på Internasjonalt kontor ved NHH støttar studentane.
– Alle har fordel av ein internasjonal dimensjon i utdanninga, då bør det ikkje sorterast på nasjonalitet, seier han.
– Vi kjempar mot same «fiende». Eg har håp om ei rettferdig løysing, seier Grant McDermott.
I DIALOG
Leiinga ved NHH har vore i kontakt med SiU. Informasjonsleiar Hanne Alver Krum i SiU meiner NHH og kvotestudentane har grunn til å vere optimistiske.
– Det er godt muleg at studentane får behalde kvotestipendet og samtidig reise på utveksling, men eg kan ikkje sei noko sikkert så lenge det er under behandling.
Informasjonsleiaren forsikrar at svaret vil kome i løpet av ei veke, innan søknadsfristen er omme.