– Det er bra at det har blitt fokus på det, seier Cecilie Ingebrigtsen som er lærarstudent ved Høgskulen i Bergen.
– Vi er jo faktisk avhengige av læraryrket for å ta vare på framtida.
Mykje av fokuset til den såkalla GNIST-kampanjen er å auke statusen til læraryrket. Medstudentane Mari Brattebø Fenne og Kristoffer Vindenes er einige, og meiner læraryrket treng eit statusløft.
– Når folk spør kva du studerer har ein ikkje akkurat lyst til å rope det ut, seier Fenne.
LÆRE Å BLI LÆRAR
Ifølgje ei ny landsomfattande undersøking, gjennomført av Norfakta Markedsanalyse, er lærarstudentane blant dei minst fornøgde. Heile tre fjerdedelar av lærarstudentane ville ikkje anbefalt sin studiestad til andre.
Ifølge Stine Holtet, leiar i Pedagogstudentene, ligg mykje av problemet med dagens lærarutdanning i praksisordningane. Pedagogstudentene er ein landsomfattande organisasjon for lærarstudentar.
– Det vi erfarer, og har erfart lenge, er at koplinga mellom teori og praksis har vore for svak, seier Holtet, som vidare peiker på eit manglande profesjonsfokus.
– For å få ei helheitleg lærarutdanning kan ein ikkje berre lære faga, ein må lære korleis ein skal lære vekk også.
Studentane kjenner seg att i kritikken.
– Vi har altfor lite pedagogikk og praksis, seier Kristoffer Vindenes.
– Det er gjennom praksis ein lærer det å bli lærar.
VIL BLI BETRE
Kyrre Lekve, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, erkjenner at det finst problem med utdanninga slik den er i dag, men er optimistisk i forhold til satsinga.
– Vi er ikkje i mål når det gjeld kvalitet i lærerutdanninga, men vi har stor tru på at dei grepa vi no gjer vil gi ei betydeleg effekt i åra som kjem, fortel han.
– Dei nye grunnskulelærarutdanningane skal i større grad enn tidlegare vere integrerte utdanningar. Det vil seie at det skal vere ei tydelegare kopling mellom pedagogikk, fag og praksis, held han fram.
SPESIALISERING
Holtet trur også at dei nye tiltaka vil møte dei fleste av problema.
– Reforma set krav til at alle fag i lærerutdanninga skal ha mykje sterkare fokus på det å kunne lære vekk, seier ho. Holtet sin organisasjon er ein av dei som er med i GNIST-partnerskapet.
Studentane er imidlertid kritiske til at ein no må velge trinnspesialisering allereie ved studiestart.
– Det at du må ta stilling til noko slikt før du i det heile har fått vore i praksis og sett korleis ting fungerer, er kanskje ikkje så bra, seier Cecilie Ingebrigtsen. Studentane understrekar imidlertid motivasjonsfaktoren som ligg i tidlegare spesialisering.
– Ein ser relevansen allereie frå eit tidleg punkt i utdanninga, seier Fenne.