Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 08/02 Kl. 20:29 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
  Notiser
  News (in English)
  I gamle dagar
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Akademikere mot Clear Channel


 
STUDVEST FØLGER TEMAET:
CLEAR CHANNEL
Cathrine Holst og Gunnar Staalesen er mellom dei vel tre hundre som til no har signert akademikaroppropet mot Clear Channel-avtalen.

Tekst: HEIDI RAVNESTAD

Cathrine Holst ved Senter for vitenskapsteori var ein av initiativtakarane til oppropet Nei til avtale mellom Clear Channel og Bergen kommune. Oppropet vart starta opp av ei gruppe akademikarar og studentar for å samle nokre viktige argument og få inn fleire underskrifter, seier Holst.

– Dette går på kva selskap Clear Channel er, og på meir demokratiske argument rundt offentleg styring. Vi vil ikkje at byen skal gi ifrå seg kontrollen over utforminga av byrommet, seier Holst.

Ho meiner det er stor skepsis til Clear Channel- avtalen blant dei på Høyden, og trur denne kampanjen kan mobilisere forskjellige grupper, både tilflyttarar og innfødde.

– Universitetet er også ein del av byen, og eg tykkjer det er fint at akademikarar og studentar engasjerer seg og bryr seg om byen dei bur i. Eg trur vi har ei god sak, seier ho.

DELTOK PÅ HØYRING

Grethe Melbye er nett ferdig med hovudfag i medievitskap, og er ei av dei som har skrive under på oppropet. I førre veke heldt ho eit innlegg på høyringa i komité for by og miljøutvikling.

– Eg ville forklare bakgrunnen for at eg skreiv under på oppropet. Eg er oppteken av ytring- og informasjonsfridom, og Clear Channel har ei historie på å bedrive sensur på aktørar som vil seie ting dei definerar som uynskte, hevdar Melbye.

KONSERT PÅ KAMELON

Også musikkmiljøet i Bergen vil protestere mot Clear Channel-avtalen. Onsdag arrangerer dei konsert på Kamelon, med namn som Karin Park og Kings of Convinience på plakaten.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:
SISTE NYHENDE
SISTE KULTURSAKER