I fråveret av snø gjeld det å finne andre aktivitetar å slå ihjel tida med.
Om du er typen som er svak for sport, men berre på skjermen, og berre når vi vinner, kan du sjølvsagt tilbringe tida framfor fjernsynet saman med Rike, Scheie og Hervig Carlsen.
Alternativt kan du for 30 spenn skate så mykje du vil i Skatehallen på Nøstet.
– Vi er her berre av di det er så elendige snøforhold, seier Reiar Kravik og Håvard Schistad.
GRISEBILLEG ALTERNATIV
Dei to er samde om at skatehallen er eit godt substitutt.
– Det er jo grisebilleg allereie, og sånn cirka tusen gonger betre enn å gå på eit treningssenter som SATS. Dersom dei får pussa opp her blir det jo genialt, seier psykologistudenten Schistad.
Kravik og Schistad er i utgangspunktet skeptiske til å lete seg avbilde i aksjon på grunn av liten tiltru til eigne evner på brettet. Dette er openbart falsk beskjedenheit, sidan begge har tilnærma kontemplativ kontroll på rampa.
MENTAL TRENING
Det finst óg andre alternativ i Bergen dersom snøen skulle utebli i lengre tid.
– Sentralbadet er eit godt alternativ. Der kan ein mellom anna øve på hopp, uttalar Reiar Kravik, som til dagleg studerer meteorologi.
– Vi prøver fortrinnsvis å unngå å lande med hovudet ned, skyt Schistad inn og gliser breitt.
Dei mentale førebuingane er óg viktige for dei to studentane.
– Når snøtilhøva i fjellet er som no blir det mykje mental trening i sofaen med ein skifilm eller to, flirer Schistad, før han tek ein ny runde på brettet.