Enno er det eit virvar av betong og jern, men ein kan allereie sjå konturane av det som skal bli studentane i Bergen si nye storstove. Omtrent med same areal som det gamle studentsenteret, men med ei heilt ny innpakning og innhald.
– Det blir eit flott bygg når det står ferdig. Eit signalbygg blir det, seier byggleiar Jarl Knarvik. Etter mange månader med aktivitet er det nye stasbygget i ferd med å reise seg på Høyden.
MANGE FUNKSJONAR
– Det skal vere eit sosialt bygg for studentar, og inneha mange funksjonar. Det har vore ei utfordring for arkitekten å samanfatte alt dette innanfor ramma av det gamle, påpeikar Knarvik. Det er eit stort prosjekt han har ansvar for, med mellom 100 og 150 arbeidarar og over 10 000 kvadratmeter byggeareal.
Noko av innhaldet vil vere det same som i det gamle studentsenteret. Bokhandelen får eigne store lokale og treningssenteret går over to etasjar. Idrettshallen i kjellaren er den samme som studentane kjenner frå før, men har fått ei totalrenovering. Blant anna har bana få parkettdekke, og garberobane ei ansiktsløftning. Studentorganisasjonane, samskipnaden og studentmedia flyttar inn i eigne kontor, med studio og redigeringsrom. Kafeteriaen er lagt til nye lokale i øverste etasje, med glasvegger og stort uteområde.
EIN METER VATN I KJELLAREN
Studentsenterprosjektet har allereie vore forseinka, men etter planen skal bygget stå ferdig ved årsskifte. Blant anna har det vore problem med vatn som står ein meter i kjellaren på bygget. Pumpene har gått heile døgnet, men nytt vatn kjem til.
– Vatn i grunnen var det også i det gamle studentsenteret. No må vi finne ut kvar det kjem frå, men vi trur det er ein vannledning som er gått lekk, fortel Knarvik.
BADEGLEDE
Det mest spektakulære ved det nye bygget blir nok det planlagde symjebassenget. 25 meter langt, med utbygd glasskarnapp og stupebrett.
Byggleiaren sin favoritt er det nye auditoriet, forma som eit egg som svever i bygget.
– Dette er bygd på ein heilt spesiell måte, og består av flotte støypekonstruksjonar, fortel Knarvik.
Inn til auditoriet kjem ein via gangbruer. I auditoriet blir det plass til 270 personar, noko universitetet har fått kritikk for tidlegare. Med ei stadig aukande studentmasse, meiner mange at dette er for lite. Men fint blir det, med tak som i stor grad består av glas, og slepp inn mykje lys.