– Nettverksbygging er ikkje alt, men det er veldig viktig for å få jobbane ein ynskjer, meiner Haraldsen.
– ALLE HAR KONTAKTER
Pia Haraldsen, som var trekkplasteret under Karrieredagen i Grieghallen forrige onsdag, la vekt på at det faktisk ikkje er så vanskeleg å skaffe seg nettverk som folk vil ha det til.
– Det gjeld berre å kome seg ut og venne seg til å mingle, seier ho.
Leiar ved Karrieresenteret Rønnaug Tveit meiner også det er viktig å kome seg ut, men påpeikar at nettverksbygging er blitt litt av eit in-ord.
–Å bygge nettverk er eigentleg ikkje noko meir mystisk enn å skaffe seg kontakter. Og kontakter er noko som alle har, anten gjennom familie, venner, naboar eller andre bekjente. I tillegg er det viktig å knytte kontakter med bedrifter eller organisasjonar ein ynskjer å jobbe i. Ein kan til dømes samarbeide med ein bedrift når ein skriv bachelor- eller masteroppgåve, seier Tveit.
HIV DEG I DET!
Stuntreporteren frå «Rikets røst» på TV 2 trur ein av nøklane til å få jobbane ein ynskjer seg er å våge å satse. Ho har sjølv tatt på seg oppgåver ho ikkje har følt ho har meistra.
– Eg fekk tilbod om å vere DJ på Døgnvillfestivalen i Tromsø. Eg kunne i utgangspunktet ingenting om å vere DJ. Men eg fekk eit lynkurs med ein profesjonell DJ. Han lærte meg å mikse og så heiv eg meg ut i det.
Haraldsen er klar over at det kan vere vanskeleg å stole på seg sjølv, men meiner modigheit gjev resultat.
– Eg har fleire veninner som tenkjer at dei ikkje mestrar ting. Ein kjem ikkje langt med ei slik innstilling. Ein må tenkje; Dette klarer eg!
Haraldsen har heile vegen sett seg store og små mål for karrieren sin. Eit av dei var at ho ville gi ut bok før ho var 30.
– Dette har eg klart, men samstundes er det mange mål eg enno ikkje har nådd, seier ho.
RELEVANT ARBEID
Ifølgje Haraldsen er erfaringa fra arbeid under studietida like viktig som inntekta det gjev.
– Det verkar veldig rart når jobbsøkjarar godt over 20 år aldri har hatt ein jobb. Relevant erfaring er sjølvsagt det beste, men berre det å ha hatt ein jobb tel positivt, meiner Haraldsen.
Rønnaug Tveit er einig.
– Har du hatt ein jobb, kan du vise at du er i stand til å følgje arbeidslivet sine elementære reglar, anten det er å møte presis, eller samarbeide med kolleger.
Tveit presiserer likevel at det beste er å ha ein nokolunde relevant jobb medan du studerer.
– Ein litteraturstudent som ynskjer å kome seg inn i forlagsbransjen, bør heller prøve å få seg ekstrajobb i ein bokhandel, eller på eit lager i eit forlag, enn å jobbe i kassa på Rimi.