Mest aktive brukere »

Nyhet.

«Sentrumsregjering» på UiB

UT MED EIT SMIL. Tine Blomfeldt var på sitt siste møte i Studentparlamentet på måndag, då Livar Bergheim tok over roret. Ved sida av Bergheim sit Alette Lie og Erin Nordal, som også har fått verv i Arbeidsutvalet. Foto: MARIE HAVNEN

Etter mykje om og men er endeleg det nye Arbeidsutvalet til Studentparlamentet på UiB klart.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT
Sist oppdatert: 30.08.11 kl. 23.53

– Me er veldig nøgde, og gler oss til å ta fatt på arbeidet. Eg trur me kjem til å representera Studentparlamentet på ein god måte, seier Alette Lie, medlem av Arbeidsutvalet (AU) for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB)

Det har vore meir spenning enn vanleg knytt til valet av nytt AU etter at eitt av verva vart ståande tomt før sommarferien. AU fungerer som «regjering» for SP-UiB, og er sett saman av fire medlem.

På møte i SP-UiB måndag kveld vart «regjeringa» fullstendig, og AU er no samansett av Livar Bergheim (leiar), Erin Nordal (nestleiar), Alette Dybesland Lie og Mathias Bratz Queseth. Dei to første er frå Studentlisten og dei to siste frå Liberal liste.

Blomfeldt trekte seg

Studvest skreiv i juni om korleis Liberal liste klarte å få inn ein representant i AU, sjølv om Studentlisten og Sosialdemokratane på førehand hadde ein avtale om å dela AU-plassane mellom seg. Sosialdemokratane valde som ein respons å trekka sin representant, slik at denne plassen vart ståande tom over sommarferien.

Sist veke trekte også AU-leiar Tine Blomfeldt seg.

– Dette skuldast ting som skjedde i løpet av sommarferien, som gjer at eg må prioritera familien. Det er personlege årsaker, ikkje politiske, understrekar ho.

Det vart altså to tomme plassar i AU før måndagens val, i tillegg til at Bergheim vart vald til ny leiar. Queseth var den einaste som hadde motstand, og heile tre valrundar måtte til før han fekk fleire stemmer enn Kristina Smedsvig frå Blå liste. Det var til slutt ei samling av Studentlisten sine stemmer som tippa resultatet i hans favør.

– Ikkje representativ

Listeleiar for Sosialdemokratane, Knut Knapskog, er ikkje spesielt nøgd med at AU no er samansett av representantar frå to lister.

– Studentlisten sin illusjon om å vera partipolitisk uavhengig må no i alle fall vera broten når dei går inn for endå ein kandidat frå liberal liste. Hadde dei valt ein frå Blå liste ville det i alle fall vore ein viss demokratisk fordeling, seier han.

– Eg håpar dei tar inn over seg at den ideologiske samansetjinga av AU ikkje er representativ for valresultatet, seier han, og siktar til at Liberal liste berre fekk vel 13 prosent av stemmene ved studentparlamentsvalet før ferien.

Bergheim frå Studentlisten vil ikkje seia seg einig i kritikken, og viser til det planlagte samarbeidet mellom dei og Sosialdemokratane.

– Personleg syns eg det er synd at det ikkje gjekk sidan me hadde lagt ned mykje arbeid i å få ei god samarbeidsplattform, seier han.

Ulik bakgrunn

Både Bergheim, Lie og Nordal er likevel nøgd med den noverande situasjonen.

– Me har veldig ulik bakgrunn, men utfyller kvarandre godt, seier Lie.

Den mest uvanlege bakgrunnen har kanskje Nordal, som kom til Noreg for tre år sidan som utvekslingsstudent frå USA.

– Eg treivst og bestemte meg for å ta resten av bachelorgraden min her. Eg trur det er ein stor fordel å ha ein student med internasjonal bakgrunn som jobbar med internasjonale saker, seier ho.

STUDENTPARLAMENTET VED UIB
  • Studentparlamentet er det øverste studentpolitiske organet ved UiB.
  • Studentparlamentet består av 25 valde studentar. 19 av desse er valt ved listeval, i tillegg har alle dei seks fakulteta ein representant kvar.
  • Arbeidsutvalget (AU) blir valt av Studentparlamentet kvart år og utfører vedtaka til Studentparlamentet.
  • AU er Studentparlamentets utøvande organ, eller regjering om ein vil.
BILDER

LETTA. Erin Nordal har berre budd i Noreg i tre år, men snakkar flytande norsk, og er no også valt inn i det øverste styringsorganet for Studentparlamentet ved UiB. Foto: MARIE HAVNEN

RELATERTE ARTIKLER »

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.