Dagens modell inneber at dei fleste bachelorgradane ved det humanistiske fakultet, samfunnvitskapleg fakultet og det psykologiske fakultet har 60 frie studiepoeng, og Universitet i Bergen (UiB) er dei einaste i landet som tilbyr dette.
30 frie poeng
– Heile strukturen for dei frie studiepoenga skal ut på høyring. Eitt av forslaga som skal vurderast er ei deling på 30 pluss 30, seier Hanne Kvilhaugsvik, fag- og forskningsansvarleg i Studentparlamentet ved UiB.
Dette betyr at 30 poeng framleis vil vere heilt frie, medan 30 poeng vil bli ein del av ein pakke der studentane må velje eit anna fagområde enn det dei tar bachelor i.
– Det er spennande at det blir ein høyringsrunde om temaet fordi det har vore eit problem at studentane samlar saman små fag for å fylle opp og ein tar fleire fag innan spesialiseringa si, seier ho.
Kvilhaugsvik legg til at det sannsynlegvis vil kome andre forslag også, og meiner dette er ein god sjanse for studentane til å sei korleis dei meiner dei frie studiepoenga bør fordelast.
Utveksling framleis mogeleg
Jan Oldervoll, visedekan for utdanning ved UiB, syns det er bra med høyringsrunde for å få til ei endring.
– Mange studentar treng meir breidde, men eg trur ikkje dei frie studiepoenga vil bli fjerna heilt, mellom anna fordi det må vere rom for utveksling, seier han.
Kvilhaugsvik er einig i dette og forsikrar studentane om at utveksling framleis vil vere mogeleg.
– Det er viktig for UiB å kunne ta inn utvekslingsstudentar frå andre land, og oppretthalde rollen sin som eit internasjonalt universitet, seier ho.
Sterkare spesialiseringsgrad
Oldervoll ser at det alltid blir positive og negative sider når ein gjennomfører endring, og nemner speiselt konflikten mellom spesialisering og breidde.
– Eg trur at meir breidde faktisk kan styrke spesialiseringa til studentane, sjølv om dei må ta andre fag. Ein historiestudent som studerer fransk historie, vil stå sterkare om han kan litt fransk språk og kan lese til dømes fransk litteratur, seier han.
Ein av konsekvensane blir at valmoglegheitane til studentane blir innsnerva fordi ein må velge bestemte emnepakkar, men både Oldervoll og Kvilhaugsvik meiner den nye modellen likevel vil gi eit bra tilbud til studentane.
Ein anna grunn til at ein ønskjer endring er læringsutbytte.
– Det er eit krav at emnebeskrivelsen til dei ulike bachelorprogramma skal forklare kva ein sit igjen med når ein er ferdig med utdanninga, og dette er vanskeleg å oppfylle når det er så mange frie studiepoeng, fortel ho.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.