Mest aktive brukere »

Nyhet.

Ønskjer nytt internasjonalt namn

NY NAVNEDEBATT. Sist nemnedebatten var oppe, for omlag ti år sidan, var frontane mellom fagmiljøa steile. – Denne gongen ønskjer vi å heve oss over slike interne oppfatningar, seier prorektor Gunnar Christensen.

Det engelske namnet på Norges Handelshøyskole er for langt og knotete å marknadsføre internasjonalt, meiner studentar.

Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN
Sist oppdatert: 23.11.10 kl. 22.21

I dag er NHH sitt fulle engelskspråklege namn Norwegian School of Economics and Business Administration. Mange meiner dette er uheldig for den internasjonale marknadsføringa av skulen.

– Problemet er at det er veldig langt. Det er vanskeleg å hugse, og det er tungvint å bruke både munnleg og skriftleg, meiner NHH-student Olav Schewe.

Internettkampanje

Han og medstudent Simen Sletsjøe står bak ei nyleg oppstarta Facebook-gruppe samt ei spørjeundersøking på nett for å mobilisere rundt saka.

– Vi har fått veldig mange tilbakemeldingar dei siste vekene og eg har ikkje møtt på ein einaste som meinar at vi ikkje treng dette. Diskusjonen går berre på kva namnet skal vere, fortel Sletsjøe.

Forslaga som i dag framstår som mest aktuelle er Norwegian School of Economics, Norwegian Business School og Norwegian School of Business.

– Lang lekse

Studentrepresentant i NHH-styret Anette Celine Frønsdal, synst det er flott at studentane er engasjerte. Ho ønskjer ein diskusjon rundt saka på styremøtet torsdag 4. november.

– Eg vil legge det fram som eit initiativ frå studentane, som eg også stiller meg bak, og så vil eg gjerne høyre kva dei andre styremedlemmane seier.

Studentane får også støtte frå prorektor og styremedlem Gunnar Christensen.

– Det namnet vi har i dag er ei lang lekse, og då er det fare for at mange ikkje brukar det, seier prorektoren.

Han held imidlertid fram at ei eventuell namnendring må vere vel gjennomtenkt.

– Vi forhastar oss ikkje. Vi må tenkje på kva signal namnet gir, i tillegg til grafisk uttrykk og verbal uttale.

Internasjonale ambisjonar

Olav Schewe meiner ein bør sjå behovet for namneendring i samband med NHH sine internasjonale ambisjonar. Tidlegare i år presenterte skulen ei målsetting om å bli ein av dei beste handelshøgskulane i Europa.

– Med ei slik målsetting er det naudsynt å få eit engelsk namn som festar seg ute i Europa, seier han, og viser til utanlandske økonomiskular som har kome godt ut av ei namneendring.

– I Sverige har dei Stockholm School of Economics og i Danmark har dei Copenhagen Business School. Dei har korte og tydelege namn, som dei klarer å marknadsføre godt.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.