– Me skal ikkje verta oppbevaringsinstitusjonar, slår Eli Bergsvik, rektor ved Høgskolen i Bergen (HiB) fast.
Difor er ho oppteken av eit mangfald arbeidsplassar til dei som ikkje ynskjer å studera i framtida.
– Likevel er det klart at dersom ein like stor del av norsk ungdom ynskjer å studera i framtida som i dag, må staten oppretta nye studieplassar. Det må regjeringa ta ansvar for, slår ho fast.
Skulepengar ynskjer Bergsvik ikkje å innføra. Ho set lik rett til å ta utdanning svært høgt, og meiner dette ikkje kan sameinast med å betala for utdanninga.
– Det er lett å tenka at om ein betalar litt, vert ein også meir motivert, men eg trur ikkje det er slik.
Men sjølv om alle skal ha lik mogelegheit til å studera, meiner ho ikkje at alle nødvendigvis bør gjera det.
– Det er ikkje ein menneskerett å ta høgare utdanning. Men det er fint at ein har mogelegheita, påpeikar Bergsvik.
Ho er også oppteken av å ikkje nedvurdera yrke som ikkje krev høgare utdanning. Det finst fleire vegar til kunnskap.
– Så lenge ein gjer ærleg arbeid, er det likeverdig. Ein skal ha respekt for gagns arbeid, og ikkje opphøgja høgare utdanning til noko overordna, sjølv om det er viktig.
Bergsvik seier press om økonomiske resultat er ei vesentleg utfordring for høgare utdanning, men ho synst ikkje det er den største.
– Som institusjonar opplever me at me kunne gjort meir om me hadde fått meir pengar. Men samstundes, når staten brukar nesten 25 milliardar på høgare utdanning, må dei også få lov å forventa resultat.
Meir utfordrande synst ho det er å gi den kompetansen samfunnet har bruk for og med god kvalitet.
– Målet må vera at studentar skal vera kritiske og reflekterte yrkesutøvarar, sjølvstendige i arbeidet sitt og kunna bidra til å vidareutvikla profesjonane, seier ho.
– Eg synest også det er positivt med nye signal frå Kunnskapsdepartementet om at entreprenørskap skal verta inkludert i studia. Ved å skapa noko nytt tek ein kreativiteten i bruk, og dette vil vera nyttig for samfunnet, trur Bergsvik.
HiB har ein strategisk ambisjon om å verta universitet, og er i gong med arbeidet om å fylla krava om å kunna tilby minst fem mastergradar og fire doktorgradar. Den viktigaste bakgrunnen for ambisjonen er at universitet kan oppretta mastergradar og doktorgradar som dei vil, medan høgskular i dagens ordning må få godkjenning av NOKUT for å gjera det same. Bergsvik er lite nøgd med ordninga.
– Me ynskjer å auka kvaliteten gjennom fulle studieløp, og når me då likevel nærmar oss krava for å bli universitet, vil me søkja fordi det vil gi oss større sjølvråderett til å utbyggja studieprogramma, forklarar ho.
Då Studvest skreiv om dette tidlegare i haust, meinte debattredaktør i Aftenposten Knut Olav Åmås at snobberi var drivkrafta for mange høgskular som vil bli universitet. Bergsvik kjenner seg ikkje igjen.
– Kvalitet er det overordna for oss. Det handlar om at me har ei utdanningsportefølge som omverda etterspør større kunnskap om. Eg trur også me vil rekruttera fleire fagfolk fordi det å undervisa på master- og kanskje doktorgradsnivå er svært interessant og attraktivt.
Ho synst også krava for å bli universitet er unødvendige.
– Ein kan stilla spørsmål ved om den særeigne norske situasjonen der fleire høgskular brukar mykje ressursar på å verta universitet, er gunstig. Stjernøutvalet sitt forslag var at ein doktorgrad burde vera tilstrekkeleg, påpeikar ho.
Bergsvik registrerer at dei klassiske universiteta ikkje likar at det blir oppretta nye universitet, og heller ikkje er så glade for dei nyaste som har blitt oppretta.
– Men dette er irreversibelt. Og ein kan ikkje setja ned foten no for at andre institusjonar også ynskjer å følgja etter, meiner ho.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.