Mest aktive brukere »

Nyhet.

– For mange toppkarakterar

KREV RIKTIG KARAKTER. – Ein må få karakteren ein fortener, ikkje berre ein tilfeldig karakter, seier masterstudentar Ingunn Irgens og Ingvild Leite. Foto: IDA KJØRHOLT

Nesten halvparten av masterstudentane ved UiB får toppkarakterar på oppgåvene sine. Tidlegare seniorrådgjevar ved UiB er kritisk til trenden.

Tekst: INGER MARIE LIEN
Sist oppdatert: 23.11.10 kl. 22.16

Asbjørn Bjørnset, tidlegare seniorrådgjevar ved Universitetet i Bergen (UiB), meiner ein må kunne vere kritisk til karaktergjevinga.

– Det er ikkje eit problem i seg sjølv at mange får gode karakterar. Men i høve karakterbeskrivinga som seier at A står for framragande prestasjon som utmerkjer seg, må ein kunne stille spørsmål når over 40 prosent av masterstudentane innanfor visse fag får denne karakteren, seier Bjørnset.

Bør gjenspegle arbeidet

2009 fekk 58,8 prosent av masterstudentane på historie ved UiB A eller B på masteroppgåvene sine. Ingunn Irgens og Ingvild Leite er masterstudentar på historie ved det humanistiske fakultet og meiner normalfordeling blir feil.

– Det er stor forskjell mellom ein A og til dømes ein D. Å få ein karakter berre fordi ein viss andel må få den karakteren, blir for tilfeldig, seier Leite.

Irgens er einig, og meiner at ein må få den karakteren ein fortener.

– Ein jobbar lenge med masteroppgåva, og kvaliteten er ofte høg, så karakteren bør gjenspeile alt arbeidet som er blitt lagt ned, seier ho.

Positiv til karakterpanel

Bjørnset er leiar for arbeidsgruppa som står bak rapporten Karakterbruk i UH-sektoren 2009, frå Universitet- og Høyskolerådet (UHR). I rapporten blir det slått fast at «dersom en prestasjon tilfredsstiller kriteriene for en karakter, skal man gi denne karakteren uavhengig av hvordan de øvrige karakterene i eksamenskullet er.»

Bjørnset presiserer derfor at det ikkje er normalfordeling som er utgangspunktet for karaktergjevinga, men dei generelle karakterbeskrivingane som er vedtekne av UHR og beskrivingar fastsett av dei nasjonale fagråda.

– Fagrådet vurderer karaktergjevinga på eit mindre utval oppgåver ved hjelp av stikkprøveundersøkingar, og rapporterer til UHR, seier Bjørnset.

Hanne Kvilhaugsvik, fag- og forskningsansvarlig i Studentparlamentet ved UiB, støtter karakterpanel og samkøyring av karaktersettinga på landsbasis.

– Dette vil bety at ein A frå til dømes sosiologi i Oslo vil ligge på same nivå som ein A frå sosiologi i Bergen, seier ho.

Kuvvet Atakan, viserektor ved UiB, meiner det er bra at karakterane vert samanlikna nasjonalt fordi dette vil føre til ei meir rettferdig vurdering når ein skal søkje jobb.

Kunstig karaktergjeving

Er det eit problem at så mange masterstudentar får gode karakterar?

– Så lenge kvaliteten er grunnlag for vurderinga, bør ikkje dette vere noko problem, seier Atakan.

Han meiner normalfordeling på masteroppgåvene blir feil fordi oppgåvene er resultat av individuelt arbeid og representerer derfor ein meir fokusert innsats frå studentane.

Dette er Kvilhaugsvik einig i.

– Godt arbeid fortener god karakter. Det blir kunstig om ein skal gi fleire studentar C, D eller E med grunngjeving at det ser dumt ut at alle får A eller B, seier ho.

Toppkarakterar på master

Prosentandel A og B 2009 ved institusjonar i Bergen

  • UiB 45,4
  • HiB 51,6
  • NHH: 60,5
  • NLA: 44,3

Prosentandel A-ar og B-ar 2009

  • Filosofi: 88,8
  • Sosialantropologi: 66,7
  • Fransk: 68,2
  • Historie: 58,8
  • Samanliknande politikk: 54,4
  • Administrasjon og organisasjonsvitskap:55,5
  • Geografi: 62,4
  • Farmasi: 39
  • Informatikk, programutvikling: 20

Kjelde: Norsk sammfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD)

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.