Mest aktive brukere »

Nyhet.

– Universiteta blir overstyrt

STRID OM STUDIEPLASSAR. Stemninga er ikkje like lattermild mellom departementet og universiteta som den ein gong var her under Forsker Grand Prix 2010. Det er no sterk usemje om kven som rår over talet på studieplassar. Foto: ANDERS HELGERUD

Regjeringa trugar med sanksjonar om ikkje universiteta aukar studentopptaket. – På kvaliteten laus, meiner rektorar.

Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN
Sist oppdatert: 19.01.11 kl. 00.03

Regjeringa har ambisjonar om å møte yngrebølga med å tildele fleire studieplassar. Rektorane ved universiteta i Bergen og Oslo er skeptiske til å auke antal studieplassar. Ved Universitetet i Bergen (UiB) ønskjer ein i staden å nytte tildelingane til å finansiere allereie eksisterande studieplassar. Universitetet i Oslo (UiO) vil på den andre sida bruke tildelingane for 2011 til nye studieplassar, men kuttar samstundes opptaksramma med 51 plassar fra 2009 til 2010.

Dette fell ikkje i god jord hos Kunnskapsdepartementet (KD), som trugar med sanksjonar dersom tildelte studieplassar ikkje resulterer i ei faktisk auke i opptaksrammene. Dette blei sist formalisert i eit brev UiB fekk frå departementet forrige veke. Statssekretær i KD, Kyrre Lekve presiserer:

– Om enkelte institusjonar ikkje vil auke antal studieplassar så betyr det at dei ikkje er eit eigna mål for framtidige tildelingar.

Ikkje begeistra

Rektorane er ikkje vidare begeistra over regjeringa sine trugslar og meiner det kan gå ut over både studiekvalitet og universiteta sin sjølvråderett.

– Dette kan tvinge universiteta til å oppretthalde eit stort antal studentar med berre 40 prosent finansiering og dermed svekke studiekvaliteten, seier rektor ved UiB, Sigmund Grønmo.

Rektor ved UiO, Ole Petter Ottersen seier dei ikkje har nokon bevisst kuttstrategi, men meiner at universiteta bør ha fridom til å vurdere frå år til år kva som er ei forsvarleg opptaksramme, utan at det skal få konsekvensar for vidare tildelingar.

– Overstyring

– Vi meiner at universiteta gjennom norsk lov har ein høg grad av autonomi og at det i dette ligg eit høve til å regulere opptaket innanfor visse grenser for å hegne om kvaliteten. Det kan verke som autonomien gjeld når vi ønskjer å auke studenttalet, men ikkje når vi ønskjer å regulere det ned, seier UiO-rektoren, og får støtte frå rektorkollega Sigmund Grønmo.

– Dette er ei departemental overstyring av universiteta. Vi får mindre handlingsrom til å ivareta studiekvaliteten gjennom ei forsvarleg tilpassing av studenttalet til finansieringsgrunnlaget, seier han.

Statssekretær Kyrre Lekve erkjenner at universiteta er autonome institusjonar, men understrekar at dette ikkje berre handlar om dei.

– Universiteta kan ikkje fatte autonome avgjersler og så sende rekninga til KD, eller Stortinget for den saks skuld. Det er ei frivillig sak å ta imot plassar, så viss ikkje dei ønskjer å vere med på det, så er det også ei autonom avgjersle, seier han.

Allereie underfinansierte

Rektorane er bekymra for konsekvensane den store andelen delfinansierte studieplassar vil ha på studiekvalitet. I fjor haust fekk UiB tildelt 80 nye fullfinansierte studieplassar over statsbudsjettet, men går likevel berre inn for ei samla auke i opptaksramma på tre plassar.

– At vi har så mange studentar med berre 40 prosent finansiering, set studiekvaliteten i fare for alle. Om vi fekk betre samsvar mellom studenttalet og antal fullfinansierte studieplassar kunne vi sikre studiekvalitet og samtidig ta imot enno fleire studentar enn vi har i dag, seier Grønmo.

Ønskjer begge deler

Statssekretær Kyrre Lekve beklagar situasjonen og held fram med å understreke regjeringa sin ambisjon om å møte yngrebølga.

– Vi trur det er viktig at også dei store breiddeuniversiteta er med på den viktige satsinga det er at fleire skal få høgare utdanning, seier han.

Er det ei konflikt mellom å auke studenttalet og samtidig ivareta kvaliteten i utdanninga?

– Vi meiner vi må klare begge deler, og det er jo også difor vi tildeler ekstra pengar, held Lekve fram.

 

Sjå og kommentar «Kvalitet i andre rekke, igjen»

DETTE ER SAKA
  • Etter kvalitetsreforma får universiteta tildelt 60 prosent av utgiftene knytt til kvar student ved opptaket medan dei resterande 40 prosenta følgjer som resultatmidlar når studenten er ferdig studert.
  • Universiteta har dei siste åra teke opp fleire studentar utan fullfinansiering og har dermed i dag fleire studentar enn dei har basisfinansiering for.
  • Misforholdet blir forsterka av at studentane blir rekna som «heiltidsekvivalentar», dvs. avlagte 60 studiepoeng, medan den faktiske gjennomsnittsstudenten berre produserer omlag 40 studiepoeng i året.
  • For å korrigere for dette har universiteta ønskt å oppnå eit studenttal meir på linje med det dei har fullfinansiering for.
  • Kunnskapsdepartementet har åtvara mot ein slik praksis og sendte forrige veke eit brev til UiB der dei trugar med å kutte i framtidige tildelingar om ikkje dei tildelte studieplassane faktisk blir oppretta.
RELATERTE ARTIKLER »

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.