Tidlegare i månaden lanserte det nye Kjernestyret ved Norges Handelshøyskole (NHH) strategien sin for 2011. Av dei totalt 14 punkta skiljer særleg NHHS 2021 (Norges Handelshøyskoles studentforening) seg ut.
– Me ser inn i framtida. Dette skal vera eit prosjekt i tråd med framtidsutsiktene til skulen, som har mål om å bli den beste handelshøgskulen i Europa. Me vil bli den beste studentforeininga i Europa, seier leiar i Kjernestyret, Cilla Holmes Indahl.
Ho forklarar at det er heller uvanleg at strategien omfattar ting som går utover det året Kjernestyret sit.
– Me har eit ønskje om å vera veldig ambisiøse. Det er uvanleg å leggja føringar på komande kjernestyre, men me meiner at dei som kjem etter oss kan forma NHHS 2021.
Kjernestyret har allereie hatt møte med administrerande direktør Ole Hope ved NHH om 2021-ambisjonane. Han har berre lovord å seia om strategien, og meiner det har mykje å seia at studentane støttar opp om NHH sine ambisjonar om å vera best i Europa.
– Dette gjer at den bodskapen slår rot hos studentane. Og når me når det målet, vil det ha ein effekt for studentane som har studert ved den beste handelshøgskulen i Europa, seier Hope.
Men sjølv om Kjernestyret har framtida i tankane, er ikkje noverande år med 75-årsjubileum for NHH gløymt.
– Jubileumsfeiringa skal vara heile året, og me har tenkt å baka den inn fleire plassar. Mellom anna skal me ha ei eiga jubileumsveke med bankett, show og liknande, forklarar Holmes Indahl.
I tillegg meiner ho det er viktig at strategien til Kjernestyret inneheld eit punkt med lovnader om at dei vil vera tilgjengelege.
– Me følte det var viktig å ha med i strategien at me er eit kjernestyre for alle. Me vil vera nokon studentane kan komma til. Døra vår skal vera open, og me skal vera til stades, forklarar styreleiaren.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.