– Dette har me jobba med politisk sidan 1982, seier Adrian Tollefsen, leiar i Unge funksjonshemmede.
Han er svært glad for at kunnskapsminister Kristin Halvorsen tidlegare denne månaden kunngjorde at det er sett av 14 millionar kroner ekstra i studiestønad til funksjonshemma på statsbudsjettet for 2011.
Samfunnsøkonomisk lønsamt
For to år sidan sette Unge funksjonshemmede i gang arbeidet med ei samfunnsøkonomisk utreiing om konsekvensane av å auka studiestønaden til funksjonshemma. Den viste at staten over ein trettiårsperiode ville spara mellom 14 og 25 milliardar kroner på dette tiltaket. Rapporten har hatt direkte innverknad på utforminga av den nye ordninga.
– Det er mest ingen skilnad i den prosentvise sysselsetjinga mellom funksjonsfriske og funksjonshemma med høgare utdanning. Dessutan har funksjonshemma med høgare utdanning 50 prosent høgare sjanse for å få jobb enn dei utan utdanning. Når dette no vert lettare tilgjengeleg, vil det innebera færre trygdemottakarar og fleire skatteytarar, forklarar Tollefsen.
Ikkje lenger på trygd
Anders Haave studerar jus ved Universitetet i Bergen. På grunn av sin nedsette hørsel er han ein av dei som vil nyta godt av vedtaket. I tillegg til det økonomiske løftet dette medfører for mange funksjonshemma, trekkjer han fram dei strukturelle endringane som vil koma.
– I dag får personar med funksjonsnedsetjingar utdanningsstønad gjennom NAV-programmet «Yrkesretta attføring», ei ordning mange ikkje kjenner til, og som er vanskeleg tilgjengeleg. Med den nye ordninga vil me gå over til å søkja om stønad gjennom Statens Lånekasse på lik line med alle andre.
Dette meiner Haave er postivt både fordi det gjer det enklare for funksjonshemma å ta høgare utdanning, og fordi ein no slepp stigmatiseringa det kan innebera å vera trygda.
– Det å vera trygda er noko mange opplever som flaut, seier Haave.
Også likestillings- og diskrimineringsommbod Sunniva Ørstadvik er fornøgd med vedtaket til regjeringa.
– Dette er kjempefint. Me er ikkje i mål, men dette er eit viktig steg på vegen mot lik rett til utdanning, seier ho.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.