Bjørg Bakke studerer medisin og er i Bergen på sin fjerde haust etter å ha flytta frå Vest-Telemark. Ho fekk sjokk av alt regnet som fantes på andre sida av fjella, og det var ein stor overgang å kome til Bergen.
– Før eg kom til Bergen hadde eg aldri eigd ein paraply. No går det fort ein i veka, fortel ho.
Nicolas Øyane disputerte i vår med doktorgrad i årstidsvariasjon i humør og oppførsel hos den vanlege befolkning.
Han fortel at når klima og vêr endrar seg, er det naturleg at humøret vårt endrar seg litt etter dette, men nokre vil merke det meir enn andre.
– Folk som er sårbare for angst og depresjonar i kombinasjon med årstidsvariasjonar i humøret året rundt, vil vere meir utsatt for depresjon om vinteren, seier Øyane.
Det har fleire gonger blitt hevda at fleire kvinner enn menn opplever depresjon om vinteren, men Frode Andreassen, sjefpsykolog ved Studentenes psykiske helsetjeneste i SiB, er forsiktig med å bekrefte dette.
– Det er fleire kvinner enn menn som oppsøkjer hjelp, men det betyr ikkje at menn ikkje er deprimert. Dei har kanskje berre vanskar med å søkje hjelp, seier han.
Både Andreassen og Øyane meiner det er betre å gå til legen framfor å drive sjølvdiagnostisering om ein føler seg nedfor over ein lengre periode.
– Dersom ein er trøtt og alt verkar vanskeleg over lenger tid, kan det vere snakk om noko meir enn humørsvinging på grunn av dårleg vêr og mykje mørke. Då kan det vere klokt å oppsøkje lege eller psykolog, seier Andreassen.
Frode Andreassen legg til at eit bra kosthald, fysisk aktivitet og lyskjelder kan hjelpe på humørsvingingar og trøttleik.
Bjørg Bakke råder andre studentar til å gløyme mørket med å finne på andre ting og prøve å gjere det beste ut av det. I tillegg meiner ho det er viktig med eit sunt og variert kosthald.
Ho ser at vêret påverkar meir enn ho likar å tru, og kunne aldri budd i Bergen fast.
– Eg er meir glad i varierte årstider, derfor er det hardt i Bergen der det ofte berre er ei, seier ho.
Bildetekst: MERKAR HAUSTEN. Bjørg Bakke er meir trøtt om hausten enn resten av året. – Men det kan vere fordi ein tenkjer meir på det i denne tida, seier ho.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.