Hanna Husabø, lokallagsleiar for Framtiden i våre hender i Bergen, stiller seg kritisk til kjøpefesten ein finn i butikkane i desember.
– For miljøet, lommeboka og samvitet sin del bør ein fokusere meir på alternative julegåver, som til dømes ei oppleving, ei teneste eller kvalitetstid i lag, seier ho.
For å få fram denne bodskapen har Framtiden i våre hender delt ut «Grøne gåvekort» på slike gåver rundt om i Bergen sentrum den siste tida.
Ifølgje tal frå Statistisk Sentralbyrå omsette detaljomsetningsbutikkane i Noreg for 45 milliardar kroner i desember i fjor, noko som betyr 9380 kroner per person.
Og det blir ikkje noko mindre i år skal vi tru Hovudorganisasjonen for handel og tenester (HSH), som spår ei auke på fem prosent frå i fjor, noko som vil bety ei omsetjing på heile 48,5 milliardar.
Husabø likar ikkje utviklinga og ser ikkje grunnen til at ein berre skal bruke meir og meir, utan å tenke på konsekvensane.
Ane Izabel Rypdal studerer film ved Norges Kreative Fagskole (NKF) og jobbar ved bruktbutikken Lei kolleksjon i Skostredet.
Ho skulle gjerne sett at folk brukte mindre pengar i desember.
– Det er irriterande at folk bruker så mykje pengar. Ei gåve til 20 kroner kan vere like fin som ei som kostar 1000, seier ho.
Ho trur studentar prøver å unngå å bruke for mykje pengar på julegåver.
– Det burde dei i alle fall. Det er mange studentar som er overambisiøse når det gjeld julegåver og pris, seier Rypdal.
Hanne Husabø er einig.
– Dei fleste studentar har nok ikkje råd til å kjøpe så dyre julegåver, men samstundes er nok dei fleste heller ikkje så opptatt av sparing, seier ho.
Rypdal fortel at ho likar å lage julegåver fordi det er billegare, men òg fordi familien set meir pris på noko ho har brukt tid på og gjort personleg, framfor til dømes å gi eit sjal frå H&M.
Kvar søndag framover mot jul treffast ho og ei venninne for ein liten juleverkstad over ei flaske vin.
– Vi tar med alt som kan brukast til materiale og lagar julegåver til familien, fortel ho.
Ho avslører sitt billegaste og beste julegåvetips:
– Kjøp eit lerret på Nille og klipp ut små stoffbitar med forskjellege mønster og fargar og lim det på. Her er det berre kreativiteten som set grenser, seier ho.
Vidare vil ho gjerne trekke fram at bøker frå bruktbutikkar kan vere ei lur gåve.
– Mange bøker har såvidt vore opna, og ein får dei mykje billegare enn hos vanlege bokhandlarar. Og så finn ein skattar som rett og slett ikkje fins i vanlege butikkar, seier ho.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.