Mest aktive brukere »

Nyhet.

Ein grunn for karakteren

UNDRING. Når sensuren fell, sit mange studentar att og lurar på kva som ligg til grunn for karakteren dei fekk. Illustrasjonsfoto: ANDERS HELGERUD

Ved UiO må sensorar i somme fag grunngje karakteren dei set. - Positivt, meiner studentleiarar. Likevel vert dette neppe aktuelt i Bergen med det første.

Tekst: INGRID EIDSHEIM DAAE
Sist oppdatert: 27.10.10 kl. 00.08

Universitas, studentavisa i Oslo, skreiv i førre utgåve om eit pilotprosjekt ved Universitetet i Oslo (UiO), der sensorar i visse fag vert pålagde å grunngjeva eksamenskarakterane dei set. Slik kan studentane få henta ut grunngjevinga om dei ynskjer det, utan å måtta senda nokon førespurnad.

– Det er veldig positivt at UiO har starta eit slikt prosjekt, og dette er noko me gjerne vil ha innført ved HiB òg, seier Elise Kleppe, fag- og forskingsansvarleg ved Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen (SP-HiB).

– Kvalitet viktig

Kleppe opplyser at ein ser ein auke i talet på HiB-studentar som ber om grunngjeving av karakterane dei får. Ho er spent på resultata frå Oslo.

– Ei slik ordning kan gjera eksamen til ein læringsarena for studentane, men då må grunngjevinga innehalda tilbakemeldingar på kva ein meistrar og kva som er mangelfullt, seier Kleppe.

Hanne Kvilhaugsvik, fagpolitisk- og forskingsansvarleg i Studentparlamentet ved UiB (SP-UiB), er samd i at karaktergrunngjeving kan vera lærerikt så lenge kvaliteten på tilbakemeldingane er god.

– Eg trur fleire vil henta ut grunngjeving om den vert obligatorisk for sensorane. Slik det er no, er det mange som opplever det å be om grunngjeving av ein karakter som eit uttrykk for misnøye, seier Kvilhaugsvik.

Ikkje aktuelt enno

Obligatorisk grunngjeving av karakterar er likevel ikkje noko SP-UiB har teke stilling til enno.

– Dette kjem me til å ta opp som diskusjonssak på det første ordinære møtet til det nyvalde Studentparlamentet i slutten av november. Dersom saka kjem inn i arbeidsprogrammet til Arbeidsutvalet (AU), og ein får fagmiljøa med seg, kan ein få ei liknande ordning ved UiB, seier Kvilhaugsvik.

Ho trekkjer fram at universiteta er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og at ein alltid må prioritera somme tiltak over andre.

– AU vil prioiritera det som gjev best læringsutbyte, seier ho.

UiB-leiinga vil førebels ikkje kommentera saka.

– Det vil vera feil av meg å uttala meg om dette før saka eventuelt er diskutert breidt. Om studentane fremjar ei sak om dette, kan det diskuterast i Utdanningsutvalet, seier Kuvvet Atakan, viserektor for utdanning ved UiB.

Ressurskrevjande

Heller ikkje ved HiB føreligg det planar om å innføra nye ordningar.

– Den noverande praksisen fungerer godt, seier Margareth Haagensen, utdanningsdirektør ved HiB.

På HiB følgjer det alltid med ei grunngjeving ved karakteren «ikkje stått». I tillegg kan alle studentar be om grunngjeving, og så vurderer sensor om denne skal gjevast skriftleg eller munnleg.

– Men vil ikkje grunngjeving av karakterane gjera eksamen meir lærerik?

– Jo, det er eit poeng. Men på HiB har me til dels svært store kull, og det ville gå med mykje ressursar dersom sensor skulle skriva ei grunngjeving for kvar einaste karakter. Desse ressursane meiner eg er betre brukt til rettleiing før eksamen.

OBLIGATORISK KARAKTERGRUNNGJEVING
  • På SV-fakultetet ved Universitetet i Oslo starta ein i vår opp eit prosjekt der sensorar i utvalde fag må skriva grunngjeving av karakterane dei set.
  • Studentane kan henta ut eit ferdig utfylt standardisert skjema med grunngjevinga på institutta sine, utan å måtta senda nokon førespurnad i forkant.
  • Tilbakemeldingane på prosjektet har vore svært gode.

Kjelde: Universitas

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.