Studvest har sidan Velferdstingets (VT) første møte for 2011 tidleg i desember fleire gonger skrive om rekrutteringsproblema til Velferdsstyret (VS). Dei har så langt berre hatt eitt medlem og ingen leiar, men no vil Audun Kjørstad stilla til val for leiarvervet.
– Eg tenkte på dette allereie i januar, men eg har så mange andre verv at eg trudde eg ikkje ville få tid. Men då det vart ståande tomt, kom eg fram til at eg skal stilla, fortel Kjørstad.
Tidsproblema vil han no løysa med å ta permisjon frå studiet sitt. Det let seg gjera då leiarvervet er ei fulltidsstilling. Nettopp at vervet er så stort trur Kjørstad kan ha vore med på å skremma folk frå å ta det på seg.
– Mange har gjerne lyst til å bli fort ferdig med utdanninga, eller synst at andre frivillige verv fristar meir, trur han.
Fram til no har den einaste medlemmen i VS vore Bjørn-Anders Hind, som også har vore fungerande leiar. Han er svært nøgd med at Kjørstad no vil ta over.
– Eg synst dette er veldig gledeleg, seier han.
Hind kjenner Kjørstad gjennom tidlegare organisasjonsarbeid, og ser no optimistisk på framtida.
– Slik eg kjenner han er det all grunn til å tru at han vil klara dette bra.
VS skal i alt ha fire medlemmer. I tillegg til Kjørstad, stiller også Mari Bjønness til val som styremedlem. Ho er frå før velferdspolitisk ansvarleg ved Studentparlamentet på Høgskolen i Bergen.
– Grunnen til at eg ikkje har stilt før er at eg først vart representant i Studentparlamentet i januar, og ikkje kjende til desse organa før, forklarar ho.
No håpar Hind VS kan bli fulltalige på neste møte, som er 15. mars. Kjørstad er uansett ikkje redd for å ta fatt i eit VT som er i ein vanskeleg rekrutteringsmessig situasjon.
– Eg tenkjer at det vert ei større utfordring, og at det er spennande.
Kilde: sib.no/velferdstinget
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.