Mest aktive brukere »

Nyhet.

Etterlyser meir ressursar

TRENG BETRE TILBOD. Førskulelærarstudent Hilde Rise ønskjer at Høgskolen i Bergen skal tilby masterutdanning for førskulelærara for å styrke både utdanninga og kompetansen til studentane. Øyvind S. Stokke-Zahl

Førskulelærarutdanningane får tyn i ny rapport. - Utdanninga blir nedprioritert, seier programansvarleg ved Høgskolen i Bergen.

Tekst: Vilde Grimelid Oppedal
Sist oppdatert: 28.09.10 kl. 17.38

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) presenterte nyleg ein rapport over kvaliteten på førskulelærarutdanningane i landet. Høgskolen i Bergen held forholdsvis høg kvalitet på utdanninga, men det fins problemområde.

– Rapporten syner at førskulelærarutdanninga har ein tendens til å bli nedprioritert i forhold til utdanning retta mot skule, og dette gjeld nok også her i Bergen, seier Dag Orseth.

Hilde Rise, førskulelærarstudent på andre året, er einig med rapporten i at utdanninga held høg kvalitet, men ser også moglegheiter for betring.

– Nokre fag har eit større potensiale enn det vi opplever i dag, og studentane hadde tålt at det blei stilt litt høgare krav til dei innimellom, seier Rise.

Problematisk vikarbruk

 

Nedprioriteringa av førskulelærarutdanninga gjer at bruken av vikarar aukar. Dei fast tilsette jobbar heller med lærarutdanninga. Orseth tykkjer dette er uheldig.

– Her ved høgskulen er bruken av vikarar ganske utbredt, og det er klart dette kan vere problematisk, seier han.

Rise er einig i dette.

– Eg opplever at problemet ikkje er kompetansen til vikarane, men at det blir for stor variasjon i undervisningsmetodar.

Ho ser problemet med at eit fåtal lærarar følgjer studentane gjennom all undervisninga, men ønskjer ein middelveg.

Behov for oppdatering

NOKUT-rapporten viser også til mangel på oppdatering av undervisninga i forhold til at det i dag er mange små barn og fleirkulturelle barnehagar.

– Dette har vi påpeikt sjølv, og vi satsar i år ekstra på å utvikle kompetanse i forhold til små barn. Neste år vil dette gjelde fleirkulturelle problemstillingar, fortel Orseth.

Rise er nøgd med oppdateringa av undervisninga.

– Vi har mange kompetente lærarar som generelt sett er flinke til å trekke inn faktiske forhold i barnehagar inn i det faglege, seier ho.

Ressursmangel

Mangelen på rettleiingskompetanse blant øvingslærarane i praksisperiodane er også framheva som eit problem.

– Øvingslæraren sin kompetanse kjem an på personen, men studenten sitt utbytte kan vere prega av om øvingslærar har teke rettleiingskurs eller ikkje, seier Hilde Rise.

Høgskulen tilbyr rettleiiingskurs til alle som skal vere øvingslærarar.

– Vi vil gjerne tilby endå fleire kurs, men dette krev ressursar som vi ikkje har, seier Dag Orseth.

Han etterlyser meir midlar frå departementet.

– Eg forventar at institusjonane no tek tak i utfordringane, men det er tydelege behov for ein nasjonal innsats også, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland i ei pressemelding.

Nokut-rapporten
  • Evaluering av norsk førskulelærarutdanning frå 2008 til 2010.
  • Har oppdaga fleire kritikkverdige forhold.
  • Gjort på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
  • Målet er å kunne vidareutvikle utdanninga best mogleg.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.