Mest aktive brukere »

Nyhet.

Får studentlegar på Høyden

GODT NYTT. – Fastlegetilbodet for studentar er etterlengta, seier Erik Nyman-Apelset, velferdsansvarleg i Arbeidsutvalet i Studentparlamentet ved UiB. Foto: ANDERS HELGERUD

Frå neste semester får bergensstudentar eit eige fastlegetilbod.

Tekst: MARI-LOUISE ULDBæK STEPHAN
Sist oppdatert: 12.01.11 kl. 00.10

– Vi har bestemt oss for at Universitetet i Bergen skal få førsteretten til dei tre første fastlegeheimlane som Bergen kommune får tildelt til nyttår, seier Ingvar Tveit, leiar i Helsevernetaten i Bergen kommune.

Arbeidet med å få fastlegar for studentar er eit samarbeid mellom UiB, Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) og Bergen kommune.

– Tyr til legevakta

Hege Råkil, direktør for Studenthelse og veiledning i SiB, fortel at fleire studentar har tatt kontakt med SiB fordi dei manglar fastlege. Ho er veldig glad for at tilbodet no kjem på plass.

– Å få eit fastlegekontor for studentar bøter på eit behov som er der. I perioder har det vore vanskeleg for studentar å skaffe seg fastlege i sentrum. Dei må difor ofte ty til legevakta, seier ho.

Tveit framhevar at det ikkje er ønskeleg at folk brukar legevakta til ikkje-akutt sjukdom.

– Det er difor bra både for legevakta og studentane at ein no får eit godt fastlegetilbod, seier han.

4500 studentar

Erik Nyman-Apelset, velferdsansvarleg i Arbeidsutvalet i Studentparlamentet ved UiB, er også særs nøgd.

– Ein har lenge ønska seg ei fastlegeteneste for studentar, men førebels har dette vore vanskeleg å få til, så at det no vert ein slik teneste for studentane er veldig positivt, seier han.

Ifølgje Tveit har fastlegar i gjennomsnitt om lag 1300 pasientar, men han håpar kapasiteten vert større enn dette.

– Vi håpar at vi kan få ein kapasitet på rundt 1500 pasientar per fastlege.

Mange detaljar rundt fastlegeordninga for studentar er enda ikkje på plass. Det er til dømes ikkje bestemt kvar legekontoret skal liggje.

FASTLEGEORDNINGA
  • Gir alle innbyggjarar i Noreg rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege.
  • Er eigd av kommunane, men vert administrert av Helseøkonomiforvaltninga (HELFO).

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.