– Eg er rett og slett kjempefornøgd. Det verkar definitivt kjekkare å vere med på den nye fadderordninga, seier Øystein Fimland, leiar av Studenparlamentet på Høgskulen i Bergen. Han har arbeidd lenge for å inngå eit kompromiss mellom høgskulen sin nulltoleranse for alkohol i fadderveka og Bergen Teknikersamfunn (BTS), som ønskjer å arrangere opplegg med alkohol også i vekedagane.
Resultatet dei tre partane nå er komne fram til er alkoholfokus-frie vekedagar med mellom anna rebusløp, quiz, idrettsdag og stand up-show. I helga blir det konsert og fest med alkoholsal i regi av BTS.
Formann Christian Gudbrandsen i BTS synest det er på høg tid at studentorganisasjonen no for første gong blir inkludert i fadderopplegget.
– Folk drikk i fadderveka uansett, derfor er det positivt at BTS kjem på banen slik at det skjer i ordna forhold.
Han hadde likevel ønska at BTS fekk spele ei endå større rolle, slik at det kan bli festar òg i vekedagane. Organisasjonen vil derfor arbeide vidare for ytterlegare samarbeid med HiB.
– For alt det vi veit, kan den nye ordninga bli anerkjent, men det kan og føre til færre søkarar. Neste år må betre samarbeid planleggjast tidlegare, seier Gudbrandsen.
Fadderkoordinator Monica Olsen står i spissen for den nye såkalla alkoholfokusfrie fadderveka til HiB.
Ho trur det nye opplegget er eit godt høve til å bli kjende med kvarandre.
– Ved å skape alkoholfokusfri fadderveke blir det meir variert, og ein blir like godt kjent. Alle blir inkluderte, også dei som ikkje vil drikke kvar dag..
Målet er å få med seg dei andre skulane i Bergen óg.
– Vi har hatt workshop med universitetet og utveksla mange gode idéar. Vi håpar at dette blir framtida for faddervekene på alle institusjonane.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.