Studvest skreiv i førre nummer om rekneskapsstudentar ved Høgskolen i Bergen (HiB) som har venta heilt til oktober utan å få svar på klaga på sensuren til bacheloroppgåva deira. Klagene vart leverte i juni.
Førre veke uttalte Henning Norheim, seniorkonsulent ved Avdeling for ingeniørutdanning, at dette er slikt som kan skje. HiB jobbar no likevel med å undersøkje korleis dei kan hindre slike problem i framtida.
– Dette er første gong vi har hatt ei så lang forseinking. Vi har brukt mykje energi på å gå igjennom saka og vurdere risikoen på avdelinga for at slike ting kan skje, seier Halvor Austenå, dekan ved Avdeling for ingeniørutdanning, ved HiB.
Usikre oppdrag og ekstra arbeid gjer at det kan vere vanskeleg å få tak i eksterne sensorar som skal handtere klagesaker over sommaren. Dette gjeld særleg fag og oppgåver innan meir spesialiserte fagfelt.
– Innan fagområde der det er mangel på kompetanse i universitets- og høgskulesektoren i regionen, hentar vi gjerne sensorar frå det private næringslivet. Det kan vere vanskeleg for dei å binde seg i april til ein klage som kanskje kjem om sommaren, seier Austenå.
– Mange bacheloroppgåver hos HiB er knytte til verksemd i privat sektor. Sensorane vil derfor kunne gi god og relevant sensur.
Ved Norges Handelshøyskole (NHH), har dei så langt ikkje har hatt store problem med å finne sensorar.
– Det kan vere vanskelegare å skaffe eksterne sensorar til klager i enkelte fag, men generelt sett er det ikkje eit problem. Vi rekrutterer berre sensorar frå universitets- og høgskulesektoren. For ein del folk er det greitt å ha kontakt med NHH, sidan vi er leiande innan fagfeltet vårt, seier Iver Bragelien, nyleg avgått dekan for masterutdanning ved NHH.
Ideelt sett skal sensorar for klager vere på plass samtidig som ordinære sensorar. Dette kan ofte vere vanskeleg meiner Austenå ved HiB.
– Spesielt for store oppgåver som tek lang tid å rette, ser vi at få ønskjer å binde seg allereie om våren. Vi skal no gå igjennom rutinane våre for å skaffe desse sensorane tidleg, og prøve å bli betre på dette sidan det var problemet denne gongen, fortel Austenå.
Han opplyser at det no vert jobba med sensuren til dei aktuelle studentane sine oppgåver.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.