Mest aktive brukere »

Nyhet.

Foreles for halvtom sal

VAKNE: Etter at undervisninga no startar klokka 10.15 i staden for 08.15 er studentane fleire og meir opplagde. - Eg hadde møtt 08.15 også, men hadde kanskje mista litt fleire forelesingar, seier student Eirik Werge. Foto: MARIE HAVNEN

Instituttet meiner historiestudentane taper på å ikkje følgje undervisninga. Dei håpar no at endra tidspunkt vil få fleire til å stille.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 04.10.11 kl. 23.57

På forelesinga i Oversyn over eldre historie har ein god del studentar møtt opp. Det er likevel langt frå alle som er der. Auditoriet som tek 250 studentar er ikkje ein gong halvfult. Oversiktsemna i historie har lenge slite med dårleg oppmøte på forelesingane, og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap undersøkjer no kvifor.

– Det ser ganske bra ut i dag. Eg har telt i overkant av 80 studentar så langt, av 198 som er melde opp til faget, seier førsteamanuensis Geir Atle Ersland som foreles denne dagen.

For første gong på kring 25 år startar forelesingane kl. 10.15 i staden for 08.15.

– Under evalueringa av Oversyn over nyare historie i vår, var det tidspunktet på forelesingane dei fleste oppgav som årsak til at dei ikkje møtte opp, seier førsteamanuensis Frode Ulvund som var ansvarleg for evalueringa.

Problematisk

– Det er eit problem at så mange melder seg opp i emna når dei ikkje er interesserte i å vere der. Dei blir verande i systemet, men det er mange som ikkje møter til eksamen. Dette gir ein dårleg statistikk for strykprosenten til faget, seier instituttleiar Christhard Hoffmann.

Han legg til at dette også er synd for dei tilsette som bruker mykje tid på å lage forelesingane best mogleg, og instituttet bruker store ressursar på å perfeksjonere undervisningstilbodet.

– Dette er populære og store fag, og det er i gjennomsnitt kring 120 studentar som møter på forelesing. Det er store forventningar til forelesarane og med tre forelesingar i veka er det også krevjande å undervise i faga. Vi syns derfor det er dumt at mange studentar ikkje nyttar seg av tilbodet.

Studentane Eirik Werge og Sindre Dahle er blant dei som har møtt opp i forelesingssalen.

– Vi er her for å få mest mogleg ut av faget. Forelesaren seier mykje ein ikkje finn i pensum, som det er nyttig å kunne, seier Werge og Dahle.

Dei veit ikkje kvifor mange ikkje går på forelesingar, men meiner dei taper på det.

– Det kan vere ein del tek emnet som privatist, men vi trur dei går glipp av ein del ved å ikkje følgje forelesingane, seier dei to.

Instituttleiar Hoffmann trur det kan vere ulike årsaker til at studentane ikkje kjem på forelesingane, blant anna at dei ikkje er heiltidsstudentar. I tillegg er det lett å melde seg opp i fag med mange studentar dersom ein berre vil ha studentstatus for å få lån og rabattar.

Ikkje obligatorisk

Instituttet vurderer likevel ikkje å gjere undervisninga obligatorisk.

– Det er ingen tradisjon for obligatorisk oppmøte på forelesingar her i landet. I tillegg ville det gått med mykje ressursar til kontrollmekanismar og eventuelle sanksjonar, seier Hoffmann.

Studentane Werge og Dahle trur fleire ville møtt opp dersom det var obligatorisk.

– Ein del av forelesingane kunne vore obligatoriske, då ville nok mange komme på dei. Men ikkje alle, for det er nok vanskeleg for folk når det er tre forelesingar i veka.

Hoffmann meiner studentane sjølve må ta ansvar.

– Vi må berre prøve å gjere det freistande å komme på forelesingar og fortsette evalueringsarbeidet. Vi må kunne forvente at vaksne folk sjølve tek ansvar når dei har meldt seg opp i eit fag.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.