Duško Kostić er den første europeiske studenten som mottek Studentenes Fredspris. Han arbeider for å forbetre romfolket sin situasjon i Kroatia.
– Resultata frå Kostić sitt arbeid er oppsiktsvekkjande, skriv Eirik Vikum, leiar av Sekretariatet for Studentenes Fredspris (SSF) i ei pressemelding.
Prisen vert delt ut i samband med den internasjonale studentfestivalen i Trondheim (ISFiT) 18. februar neste år. Studentenes fredspris vert delt ut av Fredspriskomiteen, som består av representantar frå Norsk studentorganisasjon (NSO) og Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH).
I si grunngjeving skriv Fredspriskomiteen mellom anna: «Kostić brukar utdanning og opplysningsarbeid til å byggje bruer mellom folkegruppene. Komiteen ønskjer spesielt å trekkje fram Kostić sin innsats for å få fleire barn og unge til å ta utdanning, både på grunnskulenivå og høgare nivå.»
– Kostić sitt arbeid er til inspirasjon for minoritetar i heile Europa, også i Noreg, seier Vikum.
Ifølgje Kostić vert romfolket i Kroatia ramma av stereotypiar som stemplar dei som late og med dårlig arbeidsmoral. Han har sjølv opplevd fordommar og skepsis, både på skulen og når han har søkt jobb.
- I dag er nok mange sjalu på meg. Dei lurer på korleis eg som rom har klart å kome inn på universitetet. Mange ikkje-rom vil like dårleg at ein av romfolket får ein slik pris, seier Kostić til Adresseavisen.
Studentenes Fredspris
Romfolket i Kroatia
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.