Fredag vart det klart at Kunnskapsdepartementet (KD) tildeler 165 nye studentbustadar til Bergen i 2011.
– Me er veldig glade for at regjeringa har lytta til bergensstudentane sine krav om fleire studentbustadar, seier Øystein Fimland og Tine Øverseth Blomfeldt, studentparlamentsleiarar ved høvesvis Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen, i ei pressemelding.
Dei får støtte frå styreleiaren i Studentsamskipnaden i Bergen (SiB), Even O. Sørland.
– Me har fått akkurat det me søkte om, og dette tyder at me kan gjera ferdig prosjektet i Grønneviksøren, fortel han.
Dei første studentbustadane i Grønneviksøren skal vera innflyttingsklare til semesterstart i haust, medan 2. kvartal med bustadar som inkluderer dei 165 nytildelte, skal stå ferdig i januar 2012.
– Montering av desse er i gong, og med dei siste tildelingane er me definitivt i rute, seier Sørland.
Studentleiarane er godt nøgde med at Grønneviksøren snart kan ferdigstillast.
– Studentbustadane i Grønneviksøren vil gjera det endå betre å vera student i Bergen, seier Blomfeldt og Fimland.
Dei presiserer samstundes at dei ikkje er nøgd med talet bustadar enno, og set sin lit til at regjeringa held fram med satsinga si på studentbustadar.
– Studentane vil framleis slita på bustadmarknaden, påpeikar dei.
Totalt i år har KD tildelt 1054 studentbustader utover landet, noko som tilsvarer om lag 235 millionar kroner.
Medan studentleiarane i Bergen er svært nøgde, er det meir misnøye i Oslo.
– Studentane i Oslo er nøgde med fleire studentbustadar, men kritiske til at bustadtildelinga vert kutta med 139 einingar samanlikna med tildelinga til Oslo i 2010, skriv leiar i Velferdstinget i Oslo og Akershus, Magnus Nystrand, i ei pressemelding.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.