E-blokka på Hatleberg Studentbustader ved NHH er for tida under oppussing og står derfor ubebudd. Likevel har nokon teke seg inn i blokka gjentekne gonger, både før og etter jul. Det har blitt gjort omfattande skader, blant anna har eit opphaldsrom vore brukt som toalett og nokon har urinert på golva i bygget. No har Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) fått nok.
– Vi må inn med ekstra vakthald, slik at vi kanskje får ein slutt på dette. Situasjonen er uhaldbar og det har ført til betydelege kostnader for oss, seier Egil Pedersen, administrerande direktør i SiB.
Forholdet er no politianmeldt etter at hærverk som blei gjort 4. februar førte til at ein murar sklei i trappene og blei sjukemeld.
Det vil også bli montert alarmar på dørene til E-blokka.
Dersom dei ansvarlege ikkje blir tatt, vil SiB vurdere ulike verkemiddel for å dekke opp for det dei har tapt på å rydde opp att etter hærverket. Dei som bur i D-blokka har heile tida hatt tilgang til E-blokka, og kan derfor komme dårleg ut om ingen blir stilt til ansvar og hærverket held fram.
– Vi har varsla at studentane kan bli haldne ansvarlege i siste omgang om dei skuldige ikkje blir tatt. Ein moglegheit er at alle i D-blokka til slutt må ta rekninga, men det vil ikkje bli aktuelt i denne omgang. Vi håpar alarmar og vakthald vil stoppe hærverket frå no av, seier Pedersen.
Tillitsutvalet, som representerer bebuarane ovanfor SiB, meiner det uansett vil vere heilt feil å la dei som bur i D-blokka ta ansvaret for det som har hendt.
– Alle med nøkkelbrikke har hatt tilgang til E-blokka, så det er langt frå sikkert at dei skuldige held til i D-blokka. Viss det har vore fest der, kan det også ha vore folk frå mange andre blokker tilstades, seier Yngve Øye Løkås, leiar, og Astrid B. Johnsen, informasjonsansvarleg, i tillitsutvalet ved Hatleberg.
Bebuar i D-blokka, Michael Mostert, støttar dette.
– Kven som helst kan ha kome seg inn der, seier han.
SiB ønskjer helst å få tatt dei som står bak hærverket, men dersom dette ikkje skjer kan ein siste utveg bli å auke husleigene på Hatleberg til hausten.
– Det som er dumt er at dette mest sannsynleg går ut over nye bebuarar og ikkje dei som står bak hærverket, då mange berre bur her i eitt år, seier Johnsen.
Det er til no ingen som har sett eller høyrt noko av det som har gått føre seg i E-blokka.
– Eg har ikkje fått med meg noko, og fekk vite om dette via ein e-post frå SiB. Eg syns dei ansvarlege burde stå fram, slik at dette ikkje får konsekvensar for andre, men eg trur ikkje dei gjer det, seier Mostert.
Løkås og Johnsen i tillitsutvalet trur nokon må vite noko om saka.
– Det er klart at nokon må ha sett eller høyrt noko, men det er nok ingen som vil tyste, seier dei.
Løkås og Johnsen meiner E-blokka burde ha vore betre sikra under bygningsarbeidet.
– Dørene stod mykje opne, så alle kunne gå rett inn. I tillegg stod lyset heile tida på i bygget, så dette gjorde det nok meir fristande å gå inn. Det var også ope frå D-blokka til E-blokka i kvar etasje, fortel dei.
Pedersen i SiB fortel at E-blokka skulle fungere som ein brannrømmingsveg også under oppussing.
– Dette er årsaka til at det har vore ope mellom D- og E-blokka i kvar etasje. Dersom ytterdøra også har vore opa etter at arbeidarane har gått for dagen, så må dette ha skuldast ein feil. Alle ytterdørene på Hatleberg skal vere låste når det ikkje er folk der. Når det gjeld E-blokka skal dei som jobbar der sørgje for dette, seier han.
Gisle Rognerud, informasjonsansvarleg for Kjernestyret ved NHHS håpar det kan bli ei oppklaring av saka.
– Dette er uakseptabel oppførsel og det er ei trist sak. Det er flott at saka no er politianmeldt, slik at ein kanskje kan få tatt dei skuldige, seier han.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.