Mest aktive brukere »

Nyhet.

Høyden vert mørkare

MILLIONAR UT VINDAUGA. Opplyste universitetsbygg er eit vanleg syn på Høyden på kveldstid, sjølv om det ofte er få eller ingen som nyttar lokala. Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

UiB er i gang med tiltak for å få ned energiforbruket. – Positivt, men ein burde satsa enno hardare, seier miljøvernleiar.

Tekst: INGRID EIDSHEIM DAAE
Sist oppdatert: 13.10.10 kl. 01.27

 

 

– Målet er å redusera energiforbruket med 20 prosent innan 2020, seier Tore Andersen, senioringeniør ved Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen (UiB).

UiB nyttar i dag energi for mellom 50 og 70 millionar kroner i året, noko som tilsvarar forbruket i ein mellomstor norsk kommune med 2500 husstandar. Dette utgjer mellom 20 og 25 prosent av budsjettet til Eigedomsavdelinga.

Når ein målet om å nytta 20 prosent mindre energi, vil det, om straumprisane held seg, tyda ei innsparing på mellom 10 og 14 millionar kroner årleg frå 2020.

Reduserte åpningstider

Mange tiltak skal setjast i verk for å nå målsetjinga.

– Me går no inn i kvart bygg og vurderer kva som kan iverksettjast av sparetiltak. Me vil sjå på driftstider på både tekniske anlegg og heile bygg, og installera rørslesensorar slik at lys ikkje vert ståande på i tomme rom. Dette er relativt rimelege tiltak. På sikt vil også etterisolering og utskifting av ruter verta aktuelt, seier Andersen.

– Vil reduserte driftstider i praksis seia kortare opningstider på lesesalane?

– Også opningstidene på lesesalane er noko som må vurderast, i samarbeid med brukarane.

Erik Nyman-Apelset er velferds-, miljø- og internasjonalt ansvarleg i Arbeidsutvalet til Studentparlamentet ved UiB. Han har forståing for at reduserte opningstider kan vera naudsynt.

– Ein må også sjå på driftstider, og det vil vera mogleg å redusera desse i periodar, for så å halda ope lengre i tida før eksamen. Det er viktig å finna ein balanse. Det må vera lys og varme i bygga når det trengst, men det er ikkje noko poeng i at UiB kastar vekk millionar av kroner på energi ein ikkje treng, seier Nyman-Apelset.

Arbeidsutvalet har allereie kome med framlegg om å leggja investering i rørslesensorar inn i budsjettet.

– Burde vore tøffare

Han meiner også at UiB no går føre med eit godt døme.

– I sommar har me hatt ein stor debatt om energiforbruket i Bergen. Om fleire verksemder følgjer etter UiB og set i gang sparetiltak, kan monstermastene i Hardanger verta overflødige.

Også i miljørørsla er dei glade for UiB-initiativet.

John Magnus Dahl, leiar for Høyden studentlag av Naturvernforbundet og Natur og ungdom i Bergen meiner spareplanane er godt nytt, men synest UiB kunne vore meir ambisiøse.

– Staten si målsetjing er å redusera norske klimagassutslepp med 30 til 40 prosent (i høve til 1990-nivå, red.anm.), og då synest eg UiB kunne lagt seg tettare opptil dette. Ein burde i allefall satsa på å redusera energiforbruket med 30 prosent, seier han.

Sondre Båtstrand, talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne og tidlegare studentpolitikar ved UiB stiller seg også positiv.

– Ein kan alltids redusera meir, men med desse tiltaka sparer UiB pengar, samstundes som energiforbruket går ned. Dette er ei god byrjing, seier han.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.