I ei undersøking på ulike lærestader i Bergen, har Studvest funne ein stor mangel på rom til kollokvier. Aller verst står det til på Høgskulen i Bergen (HiB) si lærarutdanning på Landås. Der har dei 2000 studentane ikkje eitt einaste grupperom.
Vi møter tre jenter som sit i trappa med bøker i fanget medan dei prøver å stenge ute bråket frå forbipasserande medstudentar. Slik er kollokviekvardagen på Landås.
– Folk sit over alt i gangane eller i kantina der det er frykteleg bråkete. Dei som er så heldige at dei har eit ledig stove eller rom heime, samlast der, for på skulen er det ikkje plass, seier Marie Furulund, som studerer andre året på allmennlærar.
På lærarstudiane er ein stor del av undervisninga lagt opp til samarbeid, både til innlevering og no før gruppeeksamen. Førsteårstudent Pernille Marie Våge på grunnskulelærarutdanninga meiner rommangelen går ut over studentane sine prestasjonar.
– Det seier seg sjølv at når ein må arbeide i dei bråkete gangane og kantina, øydelegg det konsentrasjonen. Dermed går kvaliteten på det vi leverer ned. HiB arbeider med å frigjere nokre undervisningsrom dei dagane det ikkje er eksamensavvikling i desse romma, men dette er ikkje godt nok for lærarstudentane.
– Det er sprengkapasitet på desse romma. Folk reiser heilt opp til Landås, for så å finne ut at det er ingen ledige rom. Så må dei bare reise heim igjen. Situasjonen er hårreisande, seier Furulund.
Tine Blomfeldt, leiar for Studentparlamentet på Universitetet i Bergen (Sp-UiB), synest ikkje forholda er stort betre på UiB.
– Dei fleste studentane har ingen stad å møtast for å diskutere pensum. Det går ikkje bare utover eksamensresultata, men også psyken.
Ho seier Arbeidsutvalet for Sp-UiB kvart semester får tilbakemelding på rommangelen, men førebels er alle føreslåtte løysingar for dyre.
– Det er påfallande at dette ikkje blir teke på alvor av UiB når faktisk all erfaring frå arbeidslivet viser at investeringar i arbeidsmiljøet lønar seg økonomisk.
På Norges handelshøyskole (NHH) augnar studentane nå håp med eit nytt bookingsystem, som blei iverksett sist veke. Madeleine Tennebekk, fagpolitisk ansvarleg i kjernestyret til NHH si studenforening, er optimistisk.
– Nå er det ikkje lenger bare dei som står opp tidlegast som får rom. Dette vil forhåpentlegvis gjere det lettare å planlegge studiedagen for alle, trur ho.
Tennebekk vedgår likevel at forholda kunne vore annleis i ei ideell verd.
– Det er jo ganske sterkt press på grupperomma, særleg i eksamenstida. Ein ønskjer sjølvsagt alltid betre kapasitet, men det er nok ikkje mogleg med rom for alle.
(Studenttala er ikkje eksakte.)
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.