Mest aktive brukere »

Nyhet.

Heiderspris til UiB-forskar

VINNER. Strafferettsforskar Jørn Jacobsen er naturleg nok svært glad for å verta tildelt Nils Klim-prisen. – Eg har gjerne tilnærma meg fagfeltet mitt på ein måte som ikkje er så vanleg i Noreg, og difor er det fint å få ei slik stadfesting, seier han. Foto: IDA ANDERSEN

For første gong går Nils Klim-prisen til ein bergensbasert forskar.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT
Sist oppdatert: 16.03.11 kl. 08.46

– Det er vel ei stadfesting av at eg er på ein fruktbar veg, seier Jørn Jacobsen.

Han er postdoktor ved Det juridiske fakultet på Universitetet i Bergen, og tysdag 15. mars vart han kunngjort som årets vinnar av Nils Klim-prisen.

– Eg har gjerne tilnærma meg fagfeltet mitt på ein måte som ikkje er så vanleg i Noreg, og difor er det fint å få ei slik stadfesting, fortel Jacobsen.

Nytt perspektiv

Prisen skal gå til ein nordisk forskar under 35 år, innanfor felta humaniora, samfunnsvitskap, juss eller teologi. Jacobsen får prisen for sitt arbeide med strafferett frå eit nytt perspektiv.

– Eg har skrive om strafferett frå eit teoretisk perspektiv, og søkt kunnskap i andre fagfelt som filosofi og sosiologi. Tidlegare har ein tilnærma seg faget frå ein meir reindyrka rettsleg synsvinkel, forklarar han.

Springpunktet for doktorgradsavhandlinga hans der han hadde dette perspektivet, var terrorsaker.

– Tradisjonelt har ein reservert strafferett til handlingar som medfører skade eller fare for skade på menneske og institusjonar. Særleg i terrorsaker har ein i større grad ønska å kriminalisera det som skjer tidleg i planleggingsfasen, men det er ikkje uproblematisk, forklarar Jacobsen.

Leiar i styret for Ludvig Holbergs minnefond, Jan Fridthjof Bernt, meiner det er svært gledeleg at Jacobsen er årets Nils Klim-vinnar.

– Han er ein svært dyktig ung forskar som har vist store evner. Han har sett eit kritisk søkjelys på om det er moralsk forsvarleg å straffa på den måten me gjer i dag, og kjem til å bli ei viktig stemme i den rettsvitskaplege debatten om desse spørsmåla, seier Bernt.

– Godt av stadfesting

Nils Klim-prisen er som nemnt reservert for yngre forskarar. Jacobsen er klar på at det er viktig å ha ein eigen pris for desse.

– Mest fordi unge forskarar er i ein kvalifiseringssituasjon. Dei har godt av stadfesting av perspektiv og tankar som dei utviklar. Det er ikkje mindre viktig å underbyggja det som har potensiale enn det som har kome langt i å fullbyrde potensialet sitt, påpeikar han.

Nils Klim-prisen vert delt ut samstundes med Holbergs internasjonale minnepris. Denne går i år til historieprofessor Jürgen Kocka.

FAKTA
NILS KLIM-PRISEN
  • Vert delt ut årleg av styret for Ludvig Holbergs minnefond.
  • Går til ein nordisk forskar innanfor fagområda humaniora, samfunnsvitskap, juss eller teologi, under 35 år.
  • Har ein verdi på 250 000 kroner.
  • Vert delt ut saman med Holbergprisen i Bergen i juni.
  • Har blitt delt ut sidan 2004.
HOLBERGS INTERNASJONALE MINNEPRIS
  • Vert tildelt forskarar som har gitt fremragande bidrag innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss eller teologi.
  • Vert delt ut av Ludvig Holbergs minnefond.
  • Har ein verdi på 4,5 millionar kroner.
  • I år er vinnaren historieprofessor Jürgen Kocka.


Kjelde: holbergprisen.no

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.