Mest aktive brukere »

Nyhet.

HF-studentar slit på arbeidsmarknaden

SJØLVKRITIKK. Humanistisk fakultet erkjenner at det trengst endringar før studentane er godt nok rusta til å gå ut i jobb. Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

Ingen andre er meir mistilpassa i yrkeslivet enn humanistar. Heile 27 prosent står utan relevant arbeid etter enda utdanning.

Tekst: ALICE TEGLE
Sist oppdatert: 02.02.11 kl. 00.17

– Studentane kjenner seg ikkje rusta til arbeidslivet når dei er ferdig. Dei gruer seg veldig og vil helst ikkje tenkje på kva som skjer etter studiane.

Det seier Iren Legøy, leiar for Humanistisk arbeidsutval (HAU) i Humanistisk studentorganisasjon. Ho treff mange komande humanistar som ser mørkt på framtida.

- Ingen spør etter oss

Det er, ifølgje HAU-leiaren, vanleg å utsetje avgjersla om yrkesveg og jobbsøking så lenge som mogleg.

– Ein ventar gjerne for lenge med å finne ut moglegheitane for relevant arbeid. Dei fleste er motiverte, dei veit bare ikkje kor dei skal byrje å leite.

Legøy synest næringslivet må kome meir på offensiven.

– Ingen spør etter oss. Men når HAU snakkar med bedrifter er dei interesserte. Så humanistane er meir nyttige enn ein kan få inntrykk av, seier Legøy, og understrekar at studentane må tore å gjere ein innsats sjølv.

– Det er våre liv. Men fakultetet har óg ansvar, så får me bare håpe at det blir betre over tid.

Tar sjølvkritikk

Dekan Gjert Kristoffersen på Humanistisk Fakultet (HF) er ikkje overraska over at det er studentane på fakultetet hans som slit mest i yrkeslivet. No gir han seg sjølv og kollegaene sine på HF det glatte lag.

– Dei fleste av oss universitetstilsette har det handikappet at vi kanskje kjenner samfunnet utanfor universitetet for dårleg. Universitetet kan bli flinkare til å knyte utdanningane opp mot yrkeslivet– det må vi ta som ei utfordring, seier han.

Lovar betring

Dekanen hevdar studentane på humanistisk fakultet har mykje spennande i vente.

– Vi har allereie eitt emne med obligatorisk praksis, og vi er i gang med å utarbeide nye praksisemne. Målet er at studentane skal få erfare korleis kompetansen deira kan nyttast i yrkeslivet.

Marknadsføring, produktutvikling og personaladminstrasjon er ifølgje Kristoffersen, døme på område der humanistar kan gjere nytte for seg.

– Der er mykje upløgd mark her, men det krevst at både unisversitetstilsette, studentar og dei som tilset tenkjer nytt.

 

Tysk og mandarin i næringslivet

Har du ein grad i tysk eller mandarin står bedriftene i kø.

Vil ein utdanne seg på humanistisk faktultet, bør det vere innafor språk, skal vi tru informasjonssjef Øyvind Lind-Fossen i Norsk Hovudorganisasjon (NHO).

– Med Tyskland som Noregs største handelspartnar og Kina som ekspanderande verdsøkonomi, er det eit veldig behov for tysk og mandarin. Ein kan kome langt berre med ein bachelor i tysk.

Utan profesjonsutdanning i tillegg?

– Ja, seier Lind-Fossen, men tilføyer:

– Alle undersøkjingar viser stort underskot på realfagskompetanse i næringslivet. Det er det det er størst behov for, så får folk utdanne seg til det dei vil.

 

 

Fekk draumejobben

Etter tre år med fransk blei Ingvil Roosendaal Sahr praktikant i Amnesty. No vågar 22-åringen å tenkje stort om framtida.

– Eg berre søkte for moro skuld, trudde aldri eg skulle få jobben, seier Roosendaal Sahr.

Amnesty International Bergen var derimot ikkje i tvil.

– Eg klarte ikkje knytte fransken opp til praktikantstillinga, men det hjelper å vise at du er open for nye utfordringar og personleg interessert i jobben du søkjer, seier den tidlegare franskstudenten, som no har fått jobb som fransklærar på vidaregåande skule.

– Dette er berre byrjinga. Får ein først ein fot innafor, kan det opne seg mange dører.

Og humanisten har planane klare framover.

– Etter lærarvikariatet vil eg ta master, for så å arbeide med informasjonsformidling og utforme kampanjar for ein frivillig organisasjon.

 

– På synkande rus

Framandspråk slit med å gjera seg attraktive for bergensstudentar.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT

– Eg håpar det berre er ein bølgjedal, men eg er ikkje sikker, seier Beatrice Sandberg, professor i tysk litteratur ved Universitetet i Bergen (UiB).

Tysk er eit av framandspråka på Det humanistiske fakultet (HF) ved UiB som har opplevd ein langvarig nedgang i talet på studentar. Men dei er ikkje åleine. Både italiensk og fransk har i ein periode vore nøgd med talet på studentar, men ser no ikkje svært lyst på framtida.

– Tendensane for framandspråk er nok at me er på synkande rus, seier Reidar Magne Veland, professor i italiensk ved UiB.

Nedprioritert

Sandberg fortel om ein heilt anna situasjon for tyskutdanninga då ho byrja å jobba på UiB på 70-talet.

– Då var det over 200 studentar på forelesning. Men no har det skjedd noko med haldningane både hos foreldre og unge. Dei synst det held å kunna engelsk, fortel ho.

Både ho og førsteamanuensis i fransk litteratur, Margery Vibe Skagen, trur den dårlege oppslutnaden om framandspråk oppstår før studentane kjem til universitetet.

– Det heng nok saman med at me har blitt nedprioriterte i skulen. Framandspråk har ikkje vore poenggjevande som realfag, og det har vore ein fordom om at framandspråk er så teoretisk, hevdar Skagen.

Auka profesjonspreg

På grunn av dette er både Sandberg, Veland og Skagen usikre på kva som skal til for å snu den negative trenden for framandspråka.

– Det kan ha ein positiv effekt at det no er spesifisert om ein har bachelor i tysk eller italiensk, og ikkje berre framandspråk, seier Veland, men påpeikar at det også kan vera lurt for både tilsette og studentar ved HF å reflektera over kva ein driv med.

– Det kjem eit liv etter studiane, og det kjem svinaktig brått på. HF har tradisjonelt og reelt stort slektskap med skule. Kanskje bør studiane ha meir profesjonspreg, og kanskje særleg mot lektorutdanning, meiner Veland.

Skagen peikar på at fransk kunne gjort seg meir salbart ved å satsa på handelsfransk, reiselivsfransk og liknande.

– Men vår fagtradisjon er å inkludera ting som eit stort litteraturpensum og gammalfransk. Du finn kanskje ingen jobb der dette gir umiddelbar utteljing, men det gir referansar og øver evna til forståing. Kanskje kunne me bli flinkare til å profilera denne nytta av faget, og korleis det kan overførast til arbeidslivet, påpeikar ho.

Fakta
KANDIDATUNDERSØKJINGA 2009
  • Landsdekkjande undersøking utført eit halvt år etter avlagt eksamen med kandidatar frå alle fakultet.
  • 81 prosent av alle høgare grads kandidatane hadde oppnådd fast eller midlertidig relevant heil- eller deltidsjobb eit halvt år etter eksamen.
  • For humanistar er det tilsvarande talet 73 prosent. Dette gjer dei til den mest mistilpassa gruppa i norsk arbeidsliv.
  • Mistilpassa omfattar her arbeidsledige, undersysselsatte og personar i irrelevant arbeid.

Kjelde: NIFU Step

KARRIERETIPS TIL HUMANISTAR
  • Tenk allereie før du vel studie på kva du ønskjer å arbeide med.
  • Vel studium med hjarte, men bruk hovudet.
  • Søk rådgjeving hos studierådgjevar og Karrieresenteret tidleg i studieløpet.
  • Jobb aktivt gjennom heile studietida med å undersøkje karrieremoglegheiter og skaff deg relevant jobberfaring.
  • Ikkje vent på stillingsannonse som søkjer akkurat ditt fagfelt, tenk sjølv korleis kompetansen din kan nyttast.

Kjelde: Rønnaug Tveit, leiar på Karrieresenteret

REGISTRERTE STUDENTAR UIB
  • Masterprogram italiensk: 2007: 5 2008: 6 2009: 5 2010: 1
  • Masterprogram tysk: 2007: 12 2008: 10 2009: 9 2010: 9
  • Masterprogram fransk: 2007: 10 2008: 12 2009: 9 2010: 13

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning

BILDER

SUKSESSHUMANIST. Ingvil Roosendaal Sahr har jobba som praktikant i Amnesty International med kontorarbeid, kampanjer, stands og informasjonsarbeid. No er ho klar for nye utfordringar. Foto: JIN SIGVE MÆLAND

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.