Mest aktive brukere »

Nyhet.

Ingen bonus for språkfag

ÅLEINE. Mangel på seminar på 100-nivå fører til at mange droppar ut etter eit år på fransk. – Eg trivst veldig godt saman med dei sju andre på master, men sjølvsagt burde vi ha vore fleire, seier masterstudent Marit Solemdal. Foto: ANDREAS KLEVEN RASMUSSEN

Gjennom harde sparetiltak har HF gått frå underskot til overskot på kort tid. Det kjem truleg verken tysk eller fransk til gode.

Tekst: INGER MARIE LIEN
Sist oppdatert: 12.10.11 kl. 00.58

Studvest har tidlegare skrive om sparetiltaka etter at Det humanistiske fakultet (HF) gjekk med heile 18 millionar kroner i underskot i 2009. Ifølgje fakultetsdirektør Trine Moe, har dei gode signal på at budsjettet no er i betring.

– Vi har utarbeidd ein langsiktig plan for kor ein skal kutte. Planen strekker seg heilt fram til 2013, så om vi klarer målet allereie no er vi veldig fornøgde, seier ho.

– Primært har vi kutta i fag som har hatt ein nedgang i søkartal og produksjon av studiepoeng som til dømes tysk, fransk og filosofi, forklarer Moe.

Styrking etter søkartal

Leiv Egil Breivik, instituttleiar ved Institutt for framandspråk, meiner sparetiltaka råka dei hardt i åra etter 2007, men ser det som gledeleg at den økonomiske situasjonen no er betra.

– Eg ønskjer at dei faga som tidlegare blei kutta i, no skal få ei styrking, seier han.

Men Trine Moe kan ikkje love noko på det punktet, og held fokuset på dei mest populære faga.

– Det er ikkje nødvendigvis dei faga som blei kutta i som får noko tilbake. Men det vil bli ei styrking av visse fag, til dømes ser vi ein oppsving på japansk. Vi ser på søkartala når vi vurderer dette, forklarer Trine Moe.

I tillegg trekk ho fram fagpolitiske retningslinjer som dei forheld seg til.

– Vi har omsyn som må takast til visse fag, til dømes er latin og gresk fag som vi må ha, seier Moe.

Nytteomgrep

Marit Solemdal, masterstudent i fransk, synest situasjonen er vanskeleg.

– Det er synd at humaniora skal måtte tilpassast samfunnet og næringslivet sine behov ved å fokusere på blant anna søkartal, seier ho.

Ho trekk fram at dei tidlegare kutta har gått spesielt utover seminar på 100-nivå.

– Dette er kritisk fordi mange av dei nye studentane ikkje har så mykje bakgrunn i faget og treng tettare oppfølging, seier Solemdal.

Ho meiner at nytteomgrepet er noko av grunnen til at språkfaga er svekka.

– Ved å fokusere på kva stilling ein får, og kva profesjon ein oppnår, svekkar ein humaniora. Her trengst det ei haldningsendring, meiner Solemdal.

Viser ikkje heile sanninga

Margery Vibe Skagen, førsteamanuensis i fransk, er bekymra over kutta i staben.

– Fram mot 2014 vil vi ved naturleg avgang gå frå 8,2 stillingar til 4,3 stillingar. Det er dramatisk. Mange går no av med pensjon, før det blir tilsett nye i faste stillingar, og vi risikerer å måtte redusere undervisningstilbodet, forklarer Skagen.

Eitt av argumenta for å kutte ved instituttet har vore at dei har produsert få studiepoeng. Dette kravet er Skagen skeptisk til.

– Fransk vert definert som eit lite fag. Men det er ikkje naturleg at like mange skal gå ut med eksamen i fransk som i engelsk. Om studiepoengproduksjonen er mindre, betyr ikkje det at faget er mindre vesentleg for universitet og samfunn, seier Skagen.

Solemdal er einig på dette punktet.

– Tenk om ein ikkje hadde humanistiske fag. Sjølv om ein ikkje får ein konkret yrkestittel er humaniora veldig viktig.

DETTE ER SAKEN
  • I 2009 gjekk HF med eit underskot på 18 millionar.
  • Dette førte til sparetiltak som innebar kutt i stillingar, seminar og gruppeundervisning, ekskursjonar og forsking.
  • Kutta gjekk spesielt utover språkfaga tysk og fransk.
  • I fjor hadde HF med seg ei negativ overføring på 2,6 millionar inn i 2011. Ifølgje På Høyden ser denne overføringa til neste år ut til å bli 8 millionar på plussida.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

Bildeserier