Mest aktive brukere »

Nyhet.

Ingen fleire rom

Studentar som ventar på ledig kollokvierom på NHH, UiB eller HiB må smøre seg med tolmod.

Tekst: ALICE TEGLE
Sist oppdatert: 04.05.11 kl. 01.29

Bjørg Kristin Selvik er fagleg og administrativ leiar på Avdeling for lærarutdanning på HiB. Ho seier dei arbeider med saka.

– Det eine vi gjer er at vi opnar klasserom som ikkje er bruk til eksamen som leseplassar, og så jobbar vi med korleis få betre utnytting av klasserom elles i året.

– Gjer så godt vi kan

Selvik har ikkje oversikt over kor mange rom det er snakk om, men seier at målet er å ha ferdig eit bookingsystem til hausten. Fleire rom blir det likevel ikkje i dette semesteret, og Selvik vedgår at dagens ordning ikkje er ideell.

– Det kunne sjølvsagt vore endå betre, men innafor dei ramane vi har gjer vi så godt vi kan. Grupperom er ei stor utfordring, som er noko av det vi prøver å få betre løysing på, men vi kan ikkje trylle fram fleire rom.

Klagar ikkje

På UiB meiner Ove Bortnevik i arealforvaltninga at det ikkje er romma som manglar, men studentane.

– Eg ser jo på bookingsystemet at det er rom som stadig vekk ikkje er i bruk, så mi oppfatning er at dekninga er god nok, seier han og utdjupar:

– Det er mange ledige rom på Sydneshaugen, men studentane gidd gjerne ikkje bruke bookingsystemet eller gidd ikkje leite etter ledige rom.

Dersom nokon, etter å ha følgd tipsa hans, likevel finn romtilbodet for dårleg, ber han dei ta kontakt med arealforvaltninga.

– Får vi indikasjonar på at det er så dårleg som Arbeidsutvalet påstår, så får vi heller vurdere å sjå på saka.

RELATERTE ARTIKLER »

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.