Ei ny, omfattande levekårsundersøking blant studentar vart offentleggjort fredag 11. november. Som venta viser den at dei fleste studentar har arbeid ved sida av studiane, omlag like mange som i 2005 då ei liknande undersøking vart gjennomført.
Ein ser likevel ein auke i kor mange som seier dei jobbar fordi Lånekassen ikkje strekk til, og fire av ti studentar i 2010 oppgir også at dei får økonomisk hjelp frå familien til å dekka utgifter.
– Det er påfallande at 40 prosent av norske studentar er avhengige av foreldra for å klara seg økonomisk, seier Kim O. Kantardjiev, leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO).
I regjeringa tolkar dei ikkje resultata så negativt. Kyrre Lekve, statssekretær i Kunnskapsdepartementet (KD), meiner dei var som forventa.
– I hovudsak ser me på situasjonen som tilfredsstillande. Utviklinga sidan 2005 har stort sett vore anten nøytral eller positiv, seier han.
Lekve trekk fram at undersøkinga viser at færre studentar enn tidlegare er økonomisk sårbare, som det mest positive. Heile 70 prosent meiner dei kan takla ei uforutsett utgift på 5000 kroner. Dette er ei forbetring sidan 2005, og Lekve meiner at årsaka kan vera at me har fått eit rikare samfunn.
Det er Statistisk sentralbyrå som har gjennomført undersøkinga. Rågjevar Lotte Rustad Thorsen peikar på ei anna forklaring enn Lekve.
– Når me ser at fleire får pengar heimefrå, kan dette vera ein av grunnane til at studentar er mindre økonomisk sårbare, seier ho.
Kvar gong elleve månaders studiestøtte har komme opp dei siste to åra, har KD vist til at dei ventar på levekårsundersøkinga. Etter to år med venting, har Kantardjiev no mista tålmodet. Han meiner det er heilt unødvendig å venta på ytterlegare utgreiingar for å avgjera om studiestøtta bør aukast.
– No byrjar det å nærma seg slutten på mogelegheitane denne regjeringa har. Dei har berre eitt ordinært statsbudsjett igjen, og det bør dei ta på alvor, seier han.
Lekve kan likevel lova lite for framtidige budsjett. Han påpeikar samstundes at auka studestøtte ikkje er nedfelt i Soria Moria 2-erklæringa.
– Me veit nok om studentøkonomi til å vita at nokre områder bør betrast, det ser me frå både denne og andre undersøkingar. Men me ser òg at mengden studentar jobbar ikkje har auka, og at den ikkje er skadeleg, seier han.
Det er førebels berre ein del av levekårsundersøkinga som er klar. Del to blir offentleggjort om eitt år, og vil innehalda grundigare opplysningar om studentøkonomi. Her vil det mellom anna bli henta registeropplysningar om løn og lån.
Kjelde: «Levekårsundersøkelsen blant studenter 2010», SSB
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.