– Målet med veka er å synleggjere moglegheitene rundt utveksling for studentane, seier Eli Ertresvaag Zachariadis, seksjonsleiar ved Seksjon for internasjonalisering av studiar.
Ho meiner veka er eit godt tiltak for å informere og inspirere UiB-studentar til å velje ein internasjonal dimensjon på sitt studium.
Erik Nyman-Apelset, velferds-, miljø- og internasjonalt ansvarleg i Arbeidsutvalet ved Studentparlamentet ved UiB, har inntrykk av at mange studentar ønskjer å reise, og håpar veka vil hjelpe mange til å gjennomføre planane.
Hans råd til studentar som skal på utveksling er å passe på søknadsfristar og ordne ting med Lånekassen så raskt som mogleg.
– Ver tidleg ute og ikkje vent med å søke til kvelden før fristen går ut, seier han.
Han oppmodar om å reise på utveksling og å oppleve ein annan kultur.
– Internasjonal erfaring er veldig positivt for utdanninga og jobbsøking seinare, seier han.
Astri Andresen, viserektor for internasjonale relasjonar, meiner det er viktig å utnytte moglegheitene for å få eit bra opphald i utlandet, og at denne veka kan vere til hjelp til dette.
– Gjennom veka samlar ein informasjonen på éin stad, og det blir fokus på kvifor ein bør reise, kor ein kan reise og kva ein kan gjere, fortel ho.
Andresen råder studentane til å finne eit universitet som har eit tilbod og fag som dei vil studere.
– Det er viktig med fag ein er nøgd med. Ein bør tenkje gjennom kva ferdigheiter ein har og kva kurs ein kan klare å følgje i utlandet, seier ho.
Ho heldt innlegg til studentane på opninga av veka, og ein av dei viktigaste bodskapane hennar er at studentane må våge å setje seg i ein posisjon der ein taklar det ukjende.
– Norge er eit lite land, men det er likevel bra med internasjonal erfaring for å få jobb i Norge. Norsk er ikkje berre norsk, seier ho.
Vurderer du utveksling våren 2012 begynner du å få dårleg tid. Frå og med i år er det ny samla søknadsfrist for vår- og haustsemester 1.februar.
Noko av grunngjevinga frå Universitetet i Bergen (UiB) for den samla fristen er at det blir enklare å koordinere med dei utanlandske universiteta.
– Fleire og fleire av våre samarbeidsuniversitet framskundar sine fristar, så for at våre studentar skal rekke å søke om opptak og om til dømes bustad, må UiB sine fristar tilpassast det, seier Eli Ertresvaag Zachariadis, seksjonsleiar ved Seksjon for internasjonalisering av studiar.
Eirin Høiseth har nettopp begynt på førsteåret på samanliknande politikk og blir stressa av tanken på at ein allereie no må planlegge ei eventuell utveksling til neste vår.
– Det kom veldig brått på. For min del veit eg jo så vidt kva eg studerer endå, så det er ganske vanskeleg å bestemme så langt fram i tid, seier ho.
Astri Andresen, viserektor for internasjonale relasjonar, skjønar at det er langt fram for studentar som vil på utveksling våren 2012.
– Over tid håpar eg det vil utvikle seg ein betre kultur med omsyn til planlegging blant studentane og institutta, seier ho.
Erik Nyman-Apelset, velferds-, miljø- og internasjonalt ansvarleg i Arbeidsutvalet ved Studentparlamentet ved UiB, stiller seg positiv til ein samla søknadsfrist for alle semestera, fordi det vil bli enklare for studentane.
Ertresvaag Zachariadis er einig i dette og fortel at det førre systemet hadde fire fristar, noko som kunne vere forvirrande for studentane.
– Studentane må planlegge meir studieårsmessig, men fristen fell no på same dato som fristen for å semesterregistrere seg ved UiB, og det vil bli enklare for studentane fordi det berre er èin dato å huske på, seier ho.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.