Mest aktive brukere »

Nyhet.

Jaktar på HF-rottene

VIL HA ENDRINGAR. Bjørn-Anders Hind og Audun Kjørstad, leiar for Studentutvalet ved HF, meiner Sydneshaugen skole bør rustast opp snarast. Foto: IDA ANDERSEN

Sydneshaugen skole har hatt eit vedvarande problem med inneklimaet. No har også skadedyr blitt observert på ein lesesal.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 27.10.10 kl. 00.09

– Under valkampen for Studentparlamentet traff eg masterstudentar på historie som hadde sett ei rotte på lesesalen med eigne auge, så dette er svært alvorleg, seier Peter Sebastian Hatlebakk, listetopp for Sosialdemokratane.

Det blir også stadfesta frå Eigedomsavdeling ved UiB at det er rotter ved HF.

– Eg har ikkje sett rottene sjølv, men vaktmestarane her har sett dei, seier Gunnar Mikkelsen, områdeleiar for HF ved Eigedomsavdelinga.

Skadedyrfirma

Det blir no iverksett tiltak for å bli kvitt gnagarane.

– Vi bruker eit skadedyrfirma for å få bukt med problemet. Årsaken til at vi har fått rotter no kan nok vere gravinga i sentrum, seier Mikkelsen.

Bjørn-Anders Hind, læringsmiljø- og likestillingsansvarleg i Studentparlamentet ved UiB og leiar av Læringsmiljøutvalet, stolar på Eigedomsavdelinga.

– Eg er sikker på at Eigedomsavdelinga tek tak i det dersom det er eit problem med rotter, seier Hind.

Reinhaldsproblem

Det er også andre inneklimaproblem enn rotter på HF.

– Reinhald er eit problem på heile universitetet, inkludert HF. På Sydneshaugen skole er det også dårleg ventilasjon slik at ein er avhengige av å opne vindauge, seier Hind.

Hatlebakk ser også inneklimaet som eit vedvarande problem.

– Bygningsmassane blir ikkje godt nok tekne vare på. Universitetsstyret bør sørgje for at Sydneshaugen skole blir opprusta, seier han.

Mikkelsen innrømmer at det kan vere problem med inneklimaet på Sydneshaugen skole, men meiner bygningsmassane til UiB generelt sett held god stand.

– Det er eit gamalt ventilasjonsanlegg på Sydneshaugen skole, så inneklimaet er nok dårleg der. Generelt sett meiner eg likevel at standarden på bygningane til UiB er bra, seier han.

Manglar pengar

– Det har vore ein tendens til nedprioritering av bygningsmassane til UiB, men universitetet har ein anstrengt økonomi og det faglege må prioriterast, meiner Hatlebakk.

Mikkelsen ser også dei økonomiske rammene som eit problem.

– UiB har mange eldre bygg på Nygårdshøyden og utfordringa blir då å ha eit best mogleg vedlikehald med dei midlane ein har, seier han.

Mikkelsen trur heller ikkje UiB heng etter med vedlikehald samanlikna med andre universitet.

Bjørn-Anders Hind meiner derimot at studentane gjerne ikkje får den same prioriteringa som tilsette når det kjem til inneklima og bygningar.

– UiB bør ta problema endå meir alvorleg. Tilsette har fleire rettigheiter fordi dei går inn under arbeidsmiljølova, meiner han.

Håpar på betring

– Sydneshaugen skole må inn på investeringsplanen fortast mogleg, seier Hatlebakk.

I Læringsmiljøutvalet jobbar dei for betring.

– I forslaget vårt til handlingsplan har vi spesielt bedt om at oppussing av Sydneshaugen skole blir prioritert, men vi har generelt med mykje om inneklima og reinhald i planen, fortel Hind.

Noko oppussing av Sydneshaugen skole har allereie starta.

– Vi har begynt å pusse opp undervisningsromma, og planen er og seinare oppdatere lesesalar, seier Mikkelsen.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.