Mest aktive brukere »

Nyhet.

Kaoseksamen får stryk av studentane

ETTERSYN. Leiar for studentrådet for ingeniørutdanninga, Edgar Karlsen, lovar at dei ikkje er ferdige med å sjå på eksamensrutinane til HiB enno. – Når saka har roa seg, vil eg ha møte med leiinga, fastslår han. Foto: JARLE HOVDA MOE

Studentar er svært kritiske til HiB sine rutinar etter at ein rotete eksamen enda med at fleire innleveringar forsvann.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT
Sist oppdatert: 23.02.11 kl. 00.26

– Eg stiller spørsmål ved at ein utdanningsinstitusjon som utdannar ingeniørar, ikkje klarar å få til eksamen på data.

Det seier byggingeniørstudent Emilie Grepperud. 21. desember hadde ho, venninna Eli-Trine Svorstøl, og om lag 80 andre studentar på byggingeniør på Høgskolen i Bergen (HiB) dataeksamen i faget teknisk teikning. Det var alt anna enn ei god oppleving.

– Det var eit kaos i forkant, undervegs og etterpå, fortel Svorstøl.

Forvirring

Bergens Tidende kunne tidleg denne månaden melda at fleire svar forsvann i samband med eksamenen i teknisk teikning. Både Svorstøl og Grepperud var blant dei som venta forgjeves på sensur.

– Sensuren skulle ha falle etter tre veker, men me venta i seks. Og sjølv då fekk me den ikkje. Nokon sendte då ein mail til læraren, som svarte at nokre eksamenar hadde forsvunne, men at folk ville få ta den på nytt. Deretter høyrte me ikkje meir, fortel Grepperud.

– Me synst det er ille, særleg at det tok så lang tid før me fekk vita det, påpeikar Svorstøl.

Men at nokre eksamenssvar forsvann, er ikkje det einaste studentane er misnøgde med.

– Eksamenen var nesten to timar forseinka. PC-ane var ikkje gjort klare, det var feil innstillingar på dei, og ikkje nok maskiner til alle, slik at nokon måtte bruka sine eigne. Internett var også ope, fortel Grepperud.

Vedgår svikt

Administrasjonen ved Avdeling for ingeniørutdanning på HiB har ikkje problem med å forstå at studentane er frustrerte over den kaotiske eksamenen.

– Det var ein uerfaren lærar, som vart leigd inn fordi me har problem med rekruttering, og det var nok ein viktig grunn. Men alt ansvar ligg ikkje på han. Det var også problem med dataprogramma, forklarar dekan Ole-Gunnar Søgnen.

Læraren som hadde ansvar for eksamenen, Ånond Viki, vedgår at den vart gjennomført på ein uheldig måte. Han forklarar at mykje skuldast dårleg kommunikasjon om talet på lisensar til programvara som skulle brukast på eksamen.

– Det var ikkje kommunisert til meg at talet på lisensar var redusert frå 50 til 25, og dermed var det nokre som måtte bruka eigen maskin. Dette førte til mykje støy, som ikkje var bra, seier Viki.

Problema med levering av eksamenane oppsto då svara skulle lastast opp på læringsplattforma It's Learning. Dette vil dekan Søgnen unngå i framtida.

– I framtida vil me ha tomme minnepinnar som studentane kan levera på, forsikrar han.

Ikkje første gong

Grepperud og Svorstøl opplever samstundes at dette ikkje er første gong eksamensrot skjer på HiB. Dei stiller spørsmål ved eksamensrutinane til HiB.

– Slik me har forstått det, har det vore kaos rundt denne eksamenen fleire år på rad, påpeikar Grepperud.

Her får dei støtte frå leiar i studentrådet for ingeniørutdanninga Edgar Karlsen.

– Når denne saka har fått roa seg, vil eg ha et møte med leiinga. Det verkar ikkje som dei var førebudd på å avvikla eksamenen og på kva som kunne gå gale. Dette vil studentrådet følgja opp, lovar han.

Lærar Viki bekreftar studentane sine mistankar om fjorårets teknisk teikning-eksamen.

– I fjor var det nokre maskiner som ikkje fungerte på eksamensdagen, fortel han, men vil ikkje seia noko vidare om HiB sine rutinar.

Dekan Søgnen har ikkje kjennskap til tidlegare feil, og trur ikkje eksamensrutinane til HiB er kritikkverdige.

– Eg får veldig lite rapportar om feil. Me avviklar 15 000 eksamenar i året, og me har få feil. Eg kjenner ikkje til andre feil, men det er klart at det kan skje. Det er menneske som jobbar med dette.

God ende

Den siste veka har alle som mista eksamenssvara sine fått levera ein backup, og fått karakterane sine.

– Det er jo heldig for skulen at me hadde det, seier Grepperud.

Karlsen er nøgd med at alt fekk ein god ende.

– Det meste som kunne gått gale, gjekk gale. Men det gjekk bra denne gongen,

Lærar Viki lovar bot og betring i framtida.

– Me har lært mykje av denne eksamenen. Mykje me skal unngå neste gong.

DETTE ER SAKA
  • 21. desember hadde studentane på byggingeniør på HiB eksamen i teknisk teikning.
  • Eksamenen vart gjort på data.
  • Det mangla programvare på fleire datamaskiner, så nokre studentar brukte sine eigne.
  • Under leveringa vart fleire svar sletta frå It's Learning, og nokre studentar brukte eigen mail til å levera.
  • I etterkant forsvann mellom 10 og 15 svar.
  • Studentane fekk ikkje vita om dette før etter seks veker.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.