Mest aktive brukere »

Nyhet.

Kaotisk val i Studentparlamentet

SKUFFA. Leiar for Studentlisten Tine Blomfeldt er oppgitt over situasjonen Studentparlamentet er i. – Eg må innrømma at tanken på at Liberal og Blå liste ville komma med den typen bakholdsangrep ikkje hadde slått meg, seier ho. Arkivfoto: LINN HELMICH PEDERSEN

Liberal liste overraska alle med å få valt inn ein representant i Arbeidsutvalet. Som ein respons trakk Sosialdemokratane sin kandidat.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT
Sist oppdatert: 07.06.11 kl. 00.58

– Me var i sjokk, og var såra og skuffa. Me var ikkje førebudd på at det kunne skje, fortel andrekandidat for Sosialdemokratane, Anita Tøien Johansen.

Før valet av Arbeidsutval (AU), «regjeringa» i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB), 30. mai hadde dei to største listene etter SP-valet i april, Studentlisten og Sosialdemokratane, avtalt å dela AU-representantane mellom seg.

Slik gjekk det likevel ikkje, då Blå og Liberal liste stilte eigne kandidatar mot dei frå Sosialdemokratane. Valet enda med at Liberal liste og Sosialdemokratane fekk inn kvar sin representant. Sosialdemokratane valde som følgje av valresultatet å trekka kandidaten dei fekk inn i AU, Jørgen Thorkildsen.

– Både Liberal og Blå liste sin politikk er så langt frå vår at eit samarbeid ikkje vil vera mogeleg. Dette var noko me kom fram til i fellesskap kort tid etter valet, forklarar Johansen.

– Svikta av Studentlisten

Ho meiner Studentlisten også burde teke konsekvensane av at avtalen deira ikkje gjekk i boks.

– Me blei svikta av Studentlisten. Dei burde også trekt seg då me ikkje fekk gjennom den avtalen me hadde i utgangspunktet, meiner Johansen.

Leiar i Studentlisten, Tine Blomfeldt, vart gjenvalt som AU-leiar på møtet. Ho er ikkje einig i at ho og nestleiar Livar Bergheim burde trekt seg.

– Slik Studentlisten ser det er det berre destruktivt å trekka ein AU-kandidat som er valt inn. Me blei like overraska og skuffa som Sosialdemokratane over at me ikkje fekk den AU-samansetjinga me hadde planlagt i fellesskap, men det er ikkje der makta ligg. Det er i det politiske samarbeidet.

Samarbeidsproblem

Blomfeldt meiner at Studentlisten og Sosialdemokratane fint kunne ha samarbeidd, sjølv om Liberal liste no har fått ein AU-representant.

– Sammen kunne me styrt kva politikk som blei ført i Studentparlamentet det neste året. Me kunne også sørga for at Liberal liste sin kandidat i AU måtte jobba for vår politikk, seier ho.

Johansen frå Sosialdemokratane er ikkje like sikker på at det samarbeidet hadde virka.

– Etter AU-mandata var valde, stemte Studentlisten med Blå og Liberal liste på kandidatane til alle andre verv som skulle fyllast på dette møtet. Sjølv om Studentlisten no igjen viser velvilje til oss, kan me ikkje lenger stola på at vår politikk vil bli gjennomført med eit slikt samarbeid. I alle fall ikkje med berre ein representant i AU, seier ho.

Tatt på senga

Både Johansen og Blomfeldt fortel om stor overrasking over at Blå og Liberal liste stilte AU-kandidatar saman.

– Liberal og Blå liste var rett og slett for smarte for oss denne gongen. Eg må innrømma at tanken på at dei ville komma med den typen bakholdsangrep ikkje hadde slått meg, seier Blomfeldt.

Alette Lie, som vart valt inn i AU for Liberal liste, forstår ikkje at det dei gjorde kan sjåast på som eit bakhaldsangrep.

– Me hadde gjort det heilt klart og tydeleg at me ønska å vera ein del av AU, og dette hadde me nemnt fleire gonger, påpeikar ho.

– Sviktar ikkje veljarane

At Sosialdemokratane valde å trekka sin representant ser ho på som svært uheldig.

– Det var ingen ideell situasjon å samarbeida med dei, men me var innstilte på å få det til å fungera. Sosialdemokratane burde ta veljarane sine seriøst og ønska å bruka ein maktposisjon når dei får den, hevdar ho.

Johansen er ikkje einig i at Sosialdemokratane sviktar veljarane sine ved å trekka AU-medlemmet sitt.

– Eg trur Lie og eg har ulike oppfatning av kva det vil seia å ta veljarane seriøst. Dei har stemt på oss fordi dei vil ha venstresida inn i AU. Dei ville blitt skuffa om me gjekk inn i eit samarbeid med Liberal liste, meiner ho.

Den siste representanten i AU kjem no først på plass på det første møtet i SP-UiB etter sommarferien den 30. august.

STUDENTPARLAMENTET VED UiB
  • Studentparlamentet er det øverste studentpolitiske organet ved UiB.
  • Studentparlamentet består av 25 valde studentar. 19 av desse er valt ved listeval, i tillegg har alle dei seks fakulteta ein representant kvar.
  • Arbeidsutvalget (AU) blir valt av Studentparlamentet kvart år og utfører vedtaka til Studentparlamentet. AU er Studentparlamentets utøvande organ, eller regjering om ein vil.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.