I sommar foreslo kulturminister Anniken Huitfeldt å opne for fri pris på fagbøker, som tidlegare har hatt ei fast prisordning under bokavtalen. Dette har møtt mykje kritikk blandt studentar og campusbokhandlarar.
– Regjeringa vil endre dagens system brått og utan god nok redegjering for konsekvensane av frie prisar, seier Anne Karine Nymoen, leiar av Norsk Studentorganisasjon.
Ho får støtte frå Anne S. Posner, administrerande direktør ved Studia i Bergen.
– Regjeringa kom med dette forslaget som «lyn frå klar himmel». Det manglar skikkeleg grunngjeving, og vi etterlyser fakta og erfaringar som syner at fri pris vil vere å foretrekke, seier Posner.
Grunngjevinga for regjeringa sitt ønskje om fri pris er at dette vil føre til billigare bøker for studentane.
– Det har vore gått ut i frå at samarbeid om pris kan føre til at studentane må betale ein høgare pris for lærebøker enn om prisfastsettinga skjer ved konkurranse, seier Kyrre Lekve, statssekretær i Kunnskapsdepartementet.
Prisargumentet er ikkje godt nok, og kan heller ikkje bevisast, ifølgje Posner.
– Ved fri pris vil bøkene totalt sett bli dyrare. Dette har vi sett skje i andre europeiske land som har gått frå fast til fri pris, fortel ho.
Fri pris vil kunne opne opp for at store engelskspråklege forlag kan kjøpe seg meir inn på den norske marknaden. Dette kan svekkje norsk fagspråk, meiner Posner.
– Eg meiner det er viktig å bevare norsk som fagspråk, og trur kvaliteten på utdanningane vil gå ned dersom engelsk terminologi tek over, seier ho.
Regjeringa meiner det ikkje er studentane som skal måtte betale for å bevare norsk språk.
– Etter vår vurdering er det ikkje rimeleg at det er studentane som skal finansiere realiseringa av litteratur- og språkpolitiske målsettingar, seier Lekve.
Fri pris på fagbøker vil føre til forskjellar i pris og tilbod både mellom fag og studiestader, meiner Anne Karine Nymoen.
– Studentar som tek små fag vil få dyrare bøker, og det vil også bli dyrare å handle pensum på små studiestader der bokhandlane ikkje greier å oppretthalde låg pris, seier ho.
Anne S. Posner er einig i dette, og ser også ein fare for nedlegging av mange campusbokhandlar.
– Det er viktig å skjerme campusbokhandlane. Fordi dei er pålagde å ha eit breitt utval av litteratur tek dei inn mykje som ikkje er lønnsamt å selje. Dei vil ikkje kunne konkurrere med store kjeder som kan dumpe prisane på populære bøker, seier ho.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.