– Det er så få som vil vera med, at me har trekt mellom alle studentane. Representanten som var i fjor veit eg at ikkje var interessert, fortel Nadia Christiansen.
Ho er nestleiar i studentutvalet ved Betanien Diakonale Høgskole, ein av utdanningsinstitusjonane som i løpet av dei to siste åra ikkje har vore å sjå på møte i Velferdstinget (VT) ein einaste gong. Men dei er ikkje åleine. Studvest har gått gjennom oppmøtet i protokollar frå 2009 til i dag, og i tillegg til Betanien har Norsk Lærerakademi (NLA), Haraldsplass Diakonale Høgskole og Skrivekunstakademiet knapt nok vore representerte i det heile. Det har vore i alt 12 møte.
Ordstyrar i VT, Magne Seierslund, har lagt merke til det same.
– Det er eit problem både fordi det vert vanskelegare å verta vedtaksdyktige, og fordi det skapar spørsmål rundt kor legitime avgjerslene til VT blir, seier han.
Seierslund er overraska over at dei små utdanningsinstitusjonane ikkje klarar å få nokon til å stilla på møta.
– Alle burde ha interesse av at SiB fungerer, og VT fordeler millionar. Difor synst eg det er merkeleg at det ikkje er større interesse av å vera med å påverka.
VT treng minst 15 representantar frå minst fire institusjonar på møta for å vera vedtaksdyktige. VT har ikkje hatt eit vedtaksdyktig møte sidan mai, og leiar i Velferdsstyret Ole Fosse Fardal legg ikkje skjul på at det er ein frustrerande situasjon.
– Det verkar som det er manglande kultur for oppegåande studentdemokrati på desse institusjonane, meiner han.
Christiansen frå Betanien bekreftar at sjølv om det finst ivrige sjeler, er det laber interesse for å ta på seg verv hos dei.
– Eg synst det er keisamt å måtta dela ut verv til nokon som ikkje vil ha dei, så det endar ofte med at eg tek på meg ein del sjølv, fortel ho, men påpeikar samstundes at litt meir informasjon frå VT om kva oppgåva er, kanskje kunne løyst problemet.
Anna Gjertsen er vararepresentant til VT frå Haraldsplass Diakonale Høgskole. Ho fortel om dårleg kommunikasjon mellom henne og førsterepresentanten frå deira skule.
– Eg veit ikkje kven det er, og veit heller ikkje om ho får informasjon om møta, seier Gjertsen.
Gjertsen er førstesemesterstudent og veit ikkje korleis situasjonen har vore tidlegare. Ho har likevel fortstått at oppslutnaden rundt råd og utval har vore dårleg.
– I år har dette likevel vorte mykje betre. Men me har mykje å finna ut av sidan det har lege nede, påpeikar ho.
Ved NLA er situasjonen den same.
– Studentutvalet har lege brakk, og me har i tillegg hatt skulesamanslåing. Me jobbar no med å få alt opp og gå, men det kjem til å ta tid å få strukturane på plass, trur Lillian Mostraum, nestleiar i studentutvalet.
Både Fosse Fardal og Seierslund er i alle fall klare på at dei som blir valde inn i VT må møta.
– Det er deira ansvar, men det blir vårt problem, seier Fosse Fardal.
Kjelde: Protokollar frå til saman 12 møte i Velferdstinget.
(Protokollane frå januar 2009 til april 2010 er godkjende.
Etter april 2010 er protokollane ikkje godkjende.)
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.