Studvest har dei to siste vekene skrive om rehabiliteringsarbeidet av Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) sine bustadar på Nattland. Bebuarane har klaga over både standarden av oppussinga og husleiga som samstundes har auka. Tysdag 15. mars vart saka teken opp på SiB sitt styremøte, der leiar for tillitsutvalet for Nattland studentby, Børge Johnsen, var invitert til å fortelja om forholda.
– Det verkar som ein her har overført kvalitetssikringsansvaret til studentane, påpeikte han til forsamlinga.
Administrerande direktør i SiB, Egil Pedersen, presiserte for styret at rehabiliteringa på Nattland ikkje var fullstendig, og at bustadane er 40 år gamle. Likevel tek SiB no ansvar for kvalitetssikringa.
– Me kan garantera at me no tek den gjennomgangen, og me vil gjerne ha ein avtale med den enkelte student, slik at dei kan vera til stades når det skjer, sa han.
Dette er Johnsen godt nøgd med, sjølv om han helst hadde sett at granskinga kom frå ein uavhengig part. Det fekk han også støtte i frå nokre av styremedlemmene.
– Me er svært nøgd med at styret har gitt signal om at dei vil vera villige til å gjennomføra ei ekstern gransking, og håpar det blir gjennomført. Dette skulle likevel vore gjort for lenge sidan, påpeikar Johnsen.
Styreleiar i SiB, Even Sørland, går ut frå at granskinga deira vil vera bra nok, men utelukkar heller ikkje ei mogeleg ekstern gransking.
– Me må først sjå kva me finn ut, men avviser ikkje at det kan bli aktuelt. Det er i alle tilfelle svært viktig at studentane seier ifrå om feil, understrekar han.
Tillitsvalsleiar Johnsen var likevel skuffa over styret sine reaksjonar på husleigeauka.
– Dersom eg oppfatta studentrepresentantane i styret rett, bagatelliserte dei dette. Det overraskar meg. Ein må hugsa at ei åleinemor neppe har høve til å ta arbeid ved sida av studia, påpeikar han.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.