Mest aktive brukere »

Nyhet.

Meir fusk, mindre bekymring

JUKSESNUSK. Det er mange måtar å fuske på. Ved UiB er plagiat den største syndaren. Foto: JIN SIGVE MÆLAND

Totalt hadde UiB 22 tilfelle av fusk i fjor, men trass i at talet stig er det lite uro ved universitetet.

Tekst: INGER MARIE LIEN
Sist oppdatert: 13.04.11 kl. 01.20

Kuvvet Atakan, viserektor ved Universitetet i Bergen (UiB), ser ikkje auken i fusk som alarmerande, og meiner utviklinga dei siste åra er nokolunde konstant.

– Det vil alltid vere forskjellar blant fakulteta, og det kan vere vanskeleg å sjå årsakssamanhengar med kor det er mest, men generelt sett er ikkje utviklinga så ille, seier han.

Jus på topp

Tal frå Den sentrale klagenemnda ved UiB viser at det var 13 tilfelle med fusk som førte til annullering i fjor. Ni av desse tilfella var ved Det juridiske fakultet.

Henrik Jorem, leiar i Juridisk studentutvalg, meiner at noko av grunnen til at Det juridiske fakultet har flest fuskesaker er at dei har vekentlege innleveringar.

– Tala frå juss viser i hovudsak fusk ved obligatoriske oppgåver, som vi leverer inn kvar veke, ikkje eksamensfusk. Eg trur ikkje juss har noko høgare tal når det gjeld fusk ved eksamen enn andre fakultet, seier han.

Ingen store forskjellar

Christine Stoltz Olsvik, seksjonsleiar ved Det juridiske fakultet, syns ikkje det er så store forskjellar frå tidlegare år.

– Men sjølvsagt er ei sak eigentleg ei sak for mykje, og vi følgjer nøye med på situasjonen, seier ho.

Ho fortel at det er færre oppgåvesvar som kjem i retur frå tekstgjenkjenningsprogrammet ePhorus med tekstsamanfall, som må følgjast opp vidare for vurdering om det er snakk om fusk eller ikkje.

– Vi har fokus på etikk, verdiar, metode og rettsvitskap gjennom årsplanane for 2010 og 2011, noko som òg er forankra i fakultetet sin nye strategiplan for 2011-2015, seier Olsvik.

Jorem syns òg det er viktig med kontrollar.

– Det er bra vi har kontrollrutinar, til dømes gjennom ePhorus som fangar opp tilfella, og viser at ein følgjer med på dette, seier Jorem.

God informasjon

Ved UiB var det i fjor fire tilfelle med fusk der reaksjonen førte til annullering og utestenging i to semester.

Atakan vil ikkje kommentere desse tala utan å ha vurdert rapporten grundigare, men meiner at UiB har eit tydeleg regelverk.

– Vi føler at vi når studentane gjennom informasjonsbrosjyrar og med videoen «Et plagieringseventyr», som nok mange har fått med seg. Vi håpar dette vil hindre fusk, seier han.

FUSKETAL VED UIB

2009

  • 11 tilfelle med annullering
  • 5 tilfelle med annulering og utestenging i eitt semester.
  • 1 tilfelle med annullering og utestenging i to semester
  • Totalt 17 tilfelle med fusk, 3 henlagt.

2010

  • 13 tilfelle med annullering
  • 4 tilfelle med annullering og utestenging i eitt semester.
  • 4 tilfelle med annullering og utestenging i to semester.
  • Totalt 21 tilfelle med fusk, 1 henlagt.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.