Mest aktive brukere »

Nyhet.

Nøktern finansminister på NHH

FINANSMINISTER. Sigbjørn Johnsen snakka om generasjonsrekneskapen då han vitja NHH. – At ungdom ikkje skal få lov til å bruke seg sjølv for det dei er verdt, er det verste som kan skje, hevda han. Foto: ANDERS HELGERUD

Som avslutning på NHH-Symposiet sin næringslivsdag oppfordra finansminister Sigbjørn Johnsen studentane til å sjå dei lange linene.

Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN
Sist oppdatert: 09.02.11 kl. 01.28

Tema for foredraget finansministeren heldt på Norges Handelshøyskole var generasjonsrekneskapen, og kor viktig det er med ein berekraftig økonomisk politikk. Finansministeren syner til situasjonen i andre europeiske land og meiner vi bør trekkje lærdom av det som skjer rundt oss.

– I mange land har finanskrisa gått over i ei statsfinansiell krise som er mykje meir langvarig. Mange av desse landa må i dag kutte enormt, mellom anna i velferdsordningar. Dette syner at det viktigaste er å byggje opp reservar i gode tider, for då tåler vi også dei dårlege tidene, seier han til Studvest.

Finansministeren held fram at vi som born og pensjonistar er netto mottakarar av fellesskapsgoder medan vi som vaksne er netto bidragsytarar. Etterkvart som det blir fleire pensjonistar blir den økonomiske byrda tyngre å bere.

– Vi må legge opp arbeidslivet i framtida slik at det kan bere velferden på ryggen. Det viktigaste min generasjon kan gi til dykk er økonomisk og miljømessig berekraft.

Etter sju feite..

Noreg har kome seg gjennom finanskrisa langt betre enn dei fleste andre land, men Johnsen understrekar at det etter sju feite gjerne kjem sju magre og at vi som studentar nok må belage oss på å stå lengre i jobb. Ifølge han er arbeidsstokken den aller største ressursen vi har.

– I dag utgjer olja 8 prosent av nasjonalformua medan arbeidsstyrken utgjer 80 prosent. At ungdom ikkje skal få lov til å bruke seg sjølv for det dei er verdt, er det verste som kan skje, meiner han.

Arbeidsmarknad i endring

Samfunnet og arbeidslivet er i stor endring, men Johnsen held fram overfor Studvest at sjølv om det er vanskeleg å spå korleis arbeidsmarknaden vil bli for dagens studentar, vil det vere nokre element som går att:

– Mykje vil vere knytt til teknologi. Informasjons-, nano-, bioteknologi. Dette er enorme drivkrefter. Mange av dei jobbane folk vil ha om ti år eksisterer ikkje i dag. Men det er nokre yrke som står seg over lang tid, og det er handverkarar og fagarbeidarar på mange område. Vi ser at det vil bli større behov for arbeidskraft innan helse og omsorg, seier han, og meiner vi også bør vere innstilt på å vere meir mobile i arbeidsmarknaden.

– Tidlegare var det slik at når ein var ferdig utdanna fekk ein jobb, og blei gjerne i den stillinga resten av livet. De må nok belage dykk på å skifte jobb mykje oftare og vere meir fleksible.

Velferd og produktivitet

I motsetnad til mange andre trur ikkje Arbeiderparti-politikaren at den norske velferdsmodellen verkar sløvande på dei unge i dag.

– Eg møter mange unge menneske i jobben min, og eg trur dei ser veldig godt samanhengen mellom velferdsnivået vi har og behovet for å ha eit arbeidsliv som fungerer, seier han, og syner til at sjølv om vi har eit høgt velferdsnivå er vi framleis konkurransedyktige internasjonalt.

– Sjølv om vi har hatt eit høgt velferdsnivå, har vi klart å halde oppe produktiviteten i økonomien. Det syner jo nesten det motsette, nemleg at velferdssamfunnet underbyggjer produktiviteten.

 

Sjå og følgjande serie med bilete http://studvest.no/multimedia/bildeserier/finansminister-sigbj%C3%B8rn-j...

NHH-SYMPOSIET
  • Er Europas nest største studentdrivne konferanse for arbeidslivet.
  • Vert arrangert annakvart år på NHH.
  • I tillegg arrangerer NHH-Symposiet fleire mindre arrangement, som næringslivsdagen dei hadde tysdag 1. februar.
BILDER

Foto: ANDERS HELGERUD

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.