Mest aktive brukere »

Nyhet.

Ny vår for studentvelferden

SEXY. Arbeidsutvalet meiner studentpolitikk er like sexy som stortingspolitikk. - Vi må bare bli flinkare til å vise at vi arbeider for saker som interesserer studentane, seier leiar Tine Blomfeldt. Her saman med AU-kollegaene Erik Nyman-Apelset (t.v.), Livar Bergheim og Mats Engdal Johansen. Arkivfoto: ØYVIND S. STOKKE-ZAHL

UiB-studentane går gode tider i møte, seier AU når dei no ser tilbake på arbeidet deira det siste semesteret.

Tekst: ALICE TEGLE
Sist oppdatert: 18.05.11 kl. 10.33

Etter enda «regjeringstid» har dei ei lang skryteliste, Tine Blomfeldt og Erik Nyman-Apelset i Arbeidsutvalet (AU) for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB). Visjonen om å innfri alle punkta i arbeidsprogrammet SP vedtok i januar er ikkje oppfylt, men begge fastslår at UiB-studentar har mykje å gle seg over i tida som kjem.

Studentlege og overvaking

Først ut er den nye evalueringsordninga, som studentane kan ta i bruk allereie før sommaren.

– Resultata frå dei evalueringane dei gjer i samband med emnet sitt, hamnar på desse sidene. Her vil ein kunne samanlikne evalueringar frå andre fag eller frå tidligere år. Dette er ein unik sjanse til å påverke studiekvaliteten, seier Blomfeldt.

Vidare på skrytelista har Nyman-Apelset eit plaster på såret for sjuke og skadde som bruker timar i kø på Bergen Legevakt.

– Eit stort løft for studentvelferden er tilbodet om eit drop in-legesenter i Vektergården – bare for studentar. Når ordninga forhåpentlegvis kjem på plass til hausten, blir det slutt på legekøane.

Framleis problem

Dei to studentpolitikarane ramsar opp ei rekkje mindre tiltak på fakultetsnivå, men vedgår det er vanskeleg å peike på store, konkrete saker som angår alle studentar.

Begge innrømmer kritikkverdige forhold på UiB, som dei ikkje har klart å betre.

– Når det gjeld det dårlege utvekslingstilbodet for medisinstudentar, det ekstreme straumforbruket på UiB, samt mangelen på lesesalar og kollokvierom, har vi framleis ein lang veg å gå, seier Nyman-Apelset.

– Lite AU-engasjement

Som leiar for Sosialdemokratisk liste sit Peter Hatlebakk i opposisjon til AU. Han ser ingen grunn til å rope hurra for arbeidet deira det siste året.

– Vi har sett ei svekking særleg av dei kriseramma humanistiske faga i samband med den nye kvalitetsreformen. Eg saknar ein tydeleg AU-stemme på dette området.

Hatlebakk rosar likevel AU for den nye legetenesta på Høyden, og meiner dei har hatt ei bratt læringskurve.

– Eg er optimistisk for den komande perioden. Fleire tar gjenval, blir varmare i trøya og får eit sikrare grep om fagpolitikken.

STUDENTPARLAMENTET VED UIB
  • Studentparlamentet er det øverste studentpolitiske organet ved UiB.
  • Studentparlamentet består av 25 valgte studenter. 19 av disse er valgt ved listevalg, i tillegg har alle de seks fakultetene én representant hver.
  • Arbeidsutvalget (AU) blir valgt av Studentparlamentet hvert år og utfører vedtakene til Studentparlamentet. AU er Studentparlamentets utøvende organ, eller regjering om man vil.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.