– Pedagogiske ferdigheiter er noko me har vore opptekne av sidan me gjennomførte den første undersøkinga om studenttilfredsheit i 2004, seier Margareth Haagensen, utdanningsdirektør ved Høgskolen i Bergen (HiB).
Slike undersøkingar vart og utførte i 2005 og 2006, og igjen i 2010.
– Evalueringane tyder på at studentane gjennomgåande er nøgde med den faglege kompetansen til førelesarane, men mindre nøgd med dei pedagogiske evnene deira, held ho fram.
Studentane ved HiB har også høve til å klaga direkte til programansvarleg om dei er misnøgde med kvaliteten på førelesarar. Det er då meininga at dei programansvarlege skal ta tak i problemet og til dømes rå den aktuelle førelesaren til å ta kurs i høgskulepedagogikk for å verta betre.
– Dette har ikkje fungert godt i praksis, vedgår Haagensen.
Ho veit ikkje om feilen ligg i at dei ansvarlege ikkje gjer jobben sin, eller om problemet er at førelesarane ikkje tek kursa dei vert tilrådde.
– Dei siste to åra har me heller ikkje fått arrangert kurs, grunna at somme har vore sjuke og andre har slutta.
– Burde ein ikkje då henta inn andre som kan halda kurs?
– Jo, dette burde vore løyst betre, seier Haagensen.
Ho påpeikar likevel at HiB har vore i ein pressa økonomisk situasjon den siste tida, noko som ikkje har gjort kvalitetssikring av undervisninga enklare.
– Det finst ingen gode grunnar til å nedprioritera studiekvaliteten, seier Øystein Fimland, leiar i Studentparlamentet ved HiB (Sp-HiB).
Han meiner evalueringssystemet ved HiB er prega av manglande faste rammer og at rutinane for oppfølging er for dårlege. Han trekkjer óg fram HiB sitt mål om å verta universitet som ei mogleg årsak til problema.
– No har ein vore opptekne av å byggja fulle utdanningsløp heilt opp til doktorgradsnivå, og å byggja opp forskingsmiljøa. Det kan ha ført til at ein har satsa mindre på undervisninga, seier Fimland.
Eli Bergsvik, rektor ved HiB, ser ikkje denne samanhengen.
– Det at studentane er lite nøgde med den pedagogiske kompetansen til førelesarane kom fram allereie ved den første undersøkinga om studenttilfredsheit i 2004, og me flagga ikkje ambisjonane om å verta universitet før i 2008, seier ho.
– Er det ikkje problematisk at ein har visst om studentmisnøyen i seks år utan å greia å gjera noko med det?
– Jo, det kan du seia. Me har hatt tiltak for å betra situasjonen, men dei har ikkje vore systematiske nok. Det er klart at her har HiB ei utfordring.
Haagensen seier det er ynskjeleg å få på plass obligatorisk kursing av nytilsette, slik praksis er ved både UiB, NHH og BI.
– Dette er lagt inn i både årsplanen og strategiplanen vår, og me håpar å koma i gang neste haust. Det hjelper ikkje med fagleg dyktige førelesarar om ikkje også det pedagogiske er på plass, seier Haagensen.
Også Fimland meiner obligatoriske kurs må innførast.
– Definitivt. Dessutan ville det vera eit godt tiltak å leggja opp til at potensielle nye tilsette måtte halda ei prøveførelesning. Dette har me jobba med mellom anna gjennom tilsettjingsutvalet, seier Fimland.
Ved NHH gjev studentane førelesarane gode karakterar.
– Hjå oss vert det gjennomført obligatoriske kurs i pedagogikk for alle nytilsette, i tillegg til at alle emne vert evaluerte gjennom spørjeundersøkingar kvart år, seier Iver Bragelien, dekan for masterutdanning ved Norges Handelshøyskole (NHH).
Eit av spørsmåla studentane får er i kva grad dei meiner at førelesarane formidlar kunnskapen sin på en tilfredsstillande måte, og stort sett let dei til å vera nøgde.
Dei siste åra har vurderingane lagt på rundt fire av fem moglege poeng, med ein oppgang frå 3,97 våren 2009 til 4,04 våren 2010.
– Dette er ikkje akkurat noko markant endring. Me har alltid satsa på undervisningskvalitet, men fokuset har vore sterkare no i det siste, seier Bragelien.
Han opplyser at ein óg har henta inn eksterne kurshaldarar for å betra undervisningskvaliteten ved skulen.
– Nyleg hadde me ein kurshaldar frå Storbritannia som snakka om case-undervisning, held Bragelien fram.
For snart eit år sidan vart det oppretta ei arbeidsgruppe for utvikling og innovasjon av undervisninga ved NHH. I denne gruppa sit Maren Altø Riis, fagpolitisk ansvarleg i Kjernestyret, som studentrepresentant.
– Utviklinga har vore positiv det siste året, men det er viktig med kontinuerleg fokus på dette temaet, seier ho.
Altø Riis forklårar at både dei økonomiske og dei prestisjemessige insentiva for å gjera det bra ofte er sterkare innan forsking enn innan undervisning.
-Forsking og undervisning er sidestilte i stillingsskildringane, medan stimulering og avløning ofte er knytt opp mot forskingsresultat, heller enn dyktige pedagogar, seier ho.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.