Mest aktive brukere »

Nyhet.

Psykologistudentar fortvilar etter ny eksamensnedtur

HARDTARBEIDANDE. Psykologistudentar har lese både to og tre gonger til same eksamen utan å få ønska resultat. – Det er rimeleg å tru at det er noko i vegen med karakterkrava eller spørsmåla når nesten ingen oppnår beste karakter, seier UiO professor Karl-Halvor Teigen. Foto: ANDERS HELGERUD

Nok ein gong har PSYK100-eksamenen gitt få toppkarakterar, med berre ein A. - Ein psykisk knekk, seier studentar.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 18.05.11 kl. 10.33

– Vi var godt førebudde, og veit ikkje korleis vi kunne ha vore betre førebudde. Etter å ha lese til eksamenen to gonger var vi verkeleg sikre på stoffet, seier psykologistudentane Regine Myhr, Vibeke Lokøy og Rikke Øvrebø.

Studvest har tidlegare skrive om feil i PSYK100-eksamenen ved Universitetet i Bergen (UiB) i desember 2010. Desse tre studentane var blant dei som valde å ta opp att eksamenen etter tilbod frå fakultetet.

Dei meiner den andre eksamenen dei tok 13. april verka å vere meir forståeleg enn den førre, men med nokon uklåre svaralternativ.

Vanskelege krav

Tilsaman på dei to forsøka har no fem studentar oppnådd karakteren A. Det er éin prosent av dei som har tatt eksamen.

Dei tre studentane syns det er rart at berre fem skal klare å få A i eit fag som er sett på som det «lettaste» blant dei tre faga som kvalifiserer for opptak til profesjonsstudiet.

– Nokre av dei som tok eksamenen no tok han for tredje gong. Vi veit at nokre av dei har A i eitt eller to av dei andre faga. Då er det merkeleg at dei ikkje skal klare å få A i dette på tre forsøk, seier dei.

Ekstern programsensor, professor Karl-Halvor Teigen frå Universitetet i Oslo (UiO), meiner den opprinnelege eksamenen i 2010 var vanskelegare enn den i 2009.

– Det var sett same kravet for å oppnå A no som tidlegare, men då hadde ein eit «lettare» oppgåvesett. Dersom nesten ingen klarer å oppnå beste karakter, er det rimeleg å tru at det er noko i vegen med kravet til A eller spørsmåla, seier han.

Fakultetet ved UiB opplyser om at dei ikkje kan endre poenggrensa no.

– Endringar i fagplanen må skje semesteret før dei trer i kraft, så ei eventuell endring må i så fall komme ifrå hausten av, seier Jarle Eid, dekan ved psykologisk fakultet ved UiB.

Tykkjer ikkje fakultetet det er rart at så få studentar har fått A?

– Vi har merka oss at få har fått beste karakter, men at ein stor del elles har fått gode karakterar. Framover vil vi vere i dialog med studentane og sørgje for at interessene deira blir best mogleg ivaretekne, seier Eid.

Demotiverande

Dei tre studentane føler at alt rotet med eksamenen og at det skal vere så vanskeleg å oppnå A gjer det tungt å jobbe vidare med faget.

– Vi kjem til å prøve å ta eksamenen to gonger til, seier Rikke Øvrebø og Vibeke Lokøy.

Regine Myhr, derimot, er lei av alt styret og kjem kanskje til å flytte.

– Eg har søkt andre stader, og er usikker på om eg ønskjer å vere i Bergen meir. Ein mistar mykje sjølvtillit når det skal vere så vanskeleg å lukkast, fortel ho.

Hard konkurranse

Lokøy og Øvrebø fryktar at dei blir utkonkurrerte av studentar frå Oslo og Trondheim når dei skal søkje på profesjonsstudiet. Ved Universitetet i Bergen tar dei inn 41 studentar i halvåret på profesjonsstudiet.

– Dette vil jo gjerne føre til at mange som tek årsstudium i Bergen ikkje kjem til å kunne gå vidare på profesjonsstudiet der, seier dei to.

Eid har forståing for at dette kan vere tungt for studentane.

– Det er stor konkurranse om plassane, og det er nok vanskeleg å vere i ein slik konkurransesituasjon. Derfor er det viktig at vi no sørgjer for at eksamenen er godt kvalitetssikra, seier dekanen.

– Fleirvalsprøvar dårleg eigna til eksamen

– På universitetsnivå er fleirvalsspørsmål bra for å sjekke eiga forståing, men ikkje så bra for å sjekke andre si. Dei har fordelar som objektivitet og effektivitet, men bør ikkje aleine bestemme resultata på ein viktig eksamen, seier Karl-Halvor Teigen, professor i psykologi ved UiO.

Dei tre studentane Studvest har snakka med meiner derimot at ein fleirvalsprøve er ein god måte å vise breidde på innanfor dette faget.

Før 2009 var eksamenen ein kombinasjon av essay og fleirvalsspørsmål. Dette blei endra etter anbefaling frå fagmiljøet, som ønska ein rein fleirvalseksamen.

– Vi må vurdere konsekvensane av det som skjedde etter eksamenen i desember, og vil sjå på om eksamensforma skal endrast. Dersom den skal endrast til hausten, må vi bestemme noko dette semesteret, seier Jarle Eid, dekan ved psykologisk fakultet.

Han legg til at ein kan seie at ein fleirvalsprøve kan vere eigna til å vurdere breidda innanfor eit slikt fagområde, men samtidig hadde ein ikkje denne typen problem som oppstod i desember med den tidlegare eksamensforma der også essay var med.

DETTE ER SAKA
  • Det var ingen av dei 498 kandidatane for PSYK100-eksamen i desember som klarte å oppnå karakteren A.
  • Det blei oppdaga feil eller unøyaktigheiter i 16 av dei 120 spørsmåla.
  • Etter ny sensur gjekk fire studentar opp til A, mot 124 året før.
  • Faget tel for opptak til profesjonsstudiet og studentane må ha ein A i det.
  • Ny frivillig eksamen blei holdt 13. april.
  • 130 studentar tok eksamenen på nytt, men av desse klarte berre ein å få A.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.