– Dei fleste andre land har ei slik avgift og då er det ikkje urimeleg at også Noreg innfører det, seier nestleiar i Kristeleg Folkeparti (KrF), Dagrun Eriksen. Ho fortel at planen er å følgje den danske modellen.
– Her varierer studieavgifta per student avhengig av fag og lærestad, og ligg på mellom 6000 og 16.000 euro årleg.
Den danske studieavgifta rammar ikkje studentar frå EU/EØS-området og gjeld heller ikkje for studentar på utvekslingsprogram eller studentar som har permanent opphaldsløyve i Danmark. Tilsvarande unntak vil også KrF gå inn for.
– Unntaka handlar dels om internasjonale avtalar vi er forplikta av, seier Eriksen.
Ifølgje Finansdepartementet vil inntening vere på om lag 700 millionar kroner i året.
Leiar for Norsk Studentorganisasjon (NSO), Anne Karine Nymoen, er særs skuffa over forslaget.
– Innføring av studieavgift for internasjonale studentar er med på å bryte ned gratisprinsippet i Noreg, seier ho.
Nymoen meiner at gratisprinsippet er viktig å verne om, også for studentar frå andre land som studerer i Noreg.
– Det er udelt positivt at vi har gratis høgare utdanning. Dette gjer også at vi tiltrekkjer oss dei beste hovuda.
Dagrun Eriksen er ikkje samd i at forslaget rokkar ved gratisprinsippet.
– Gratisprinsippet står heilt fast. Det er forskjell på ivareta gratisprinsippet for norske studentar og studentar frå heile verda, hevdar ho.
Lisa Gibellino frå Italia og Radek Janik frå Polen studerer begge juss ved Universitetet i Bergen. Dei likar heller ikkje KrF-forslaget.
– Om dette forslaget blir ein realitet trur eg talet på internasjonale studentar kjem til å falle dramatisk. Det er veldig dyrt her allereie, seier Gibellino.
Radek Janik er einig.
– Eg ville ikkje hatt råd til å studere i Noreg om det hadde vore ei studieavgift i tillegg til dei høge kostnadene.
Gibellino stiller seg undrande til at KrF foreslår å innføre studieavgift berre for internasjonale studentar og ikkje for alle studentar i Noreg.
– Skal det innførast studieavgift for oss, bør det innførast for andre også. Det er ikkje slik at vi sug pengar ut av Noreg. Vi lærer ting her, legg igjen pengar og snakkar positivt om Noreg når vi kjem tilbake til heimlandet, seier jusstudenten, som framhevar at ho er veldig nøgd med opplegget ved UiB.
Astri Andresen, viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB, meiner at internasjonale studentar sin tilgong til norske universitet ikkje bør vere styrt av pengar. Ho meiner at innføring av ei slik studieavgift er feil veg å gå.
– Innfører ein betaling for ei studentgruppe, er det ikkje unaturleg at ein innfører det for fleire studentgrupper.
Andresen påpeikar samstundes at Noreg og utdanningsinstitusjonane må diskutere kursen for høgare utdanning.
– Dette er ein særs viktig ideologisk diskusjon. Her må vi bestemme oss for kva prinsipp vi vil følgje, seier ho.
Nestleiar i KrFU, Øystein Sivertsen Sørvig, uttalte til Universitas førre veke at Noreg risikerer å få ein uforholdsmessig stor del internasjonale studentar om vi ikkje innfører studieavgift.
Ifølgje Andresen merkar UiB allereie ein auke i talet på mastersøknader frå utlandet. Ho trur talet på søknader kjem til å auke ytterlegare, men meiner at dette i seg sjølv ikkje er eit argument for studieavgift.
– Universitetet har eit visst antal studieplassar, og det er eit eige opptak for internasjonale studentar slik at dei ikkje konkurrerer direkte med andre. Dette vil ikkje endre seg utifrå kor mange som søkjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.